Kvinna blei funnen av ein turgåar i 04-tida natt til søndag.
Kvinna blei funnen av ein turgåar i 04-tida natt til søndag.

Fann sovande kvinne utandørs

Ei kvinne i 20-åra blei funnen sovande utandørs på Søfteland i minusgrader natt til søndag.

– Kvinna blei funnen av ein turgåar i 04-tida natt til søndag. Det var veldig bra, for det kunne gått riktig gale. Det var kaldt ute, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Vidare fortel Hadler-Olsen at det er mistanke om at kvinna var rusa. Meldinga om kvinna blei sendt vidare til helse, og ein ambulanse kom og plukka ho opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen promille

Søndag morgon hadde politiet promillekontroll i krysset Hatvikvegen/Hegglandsdalsvegen.

– Det var fint vêr og det hadde vore ein del utfart. 35 bilar blei kontrollerte. Ingen av dei blåste raudt, seier Hadler-Olsen.