Den siste månaden har fire påhengsmotorar blitt stelt frå Forstrøno i Strøno.
Den siste månaden har fire påhengsmotorar blitt stelt frå Forstrøno i Strøno.

Fann stolne båtmotorar

Politiet er rimeleg sikre på at dei har tatt rett mann i tjuveri av båtmotorar-saka i Strøno.

– Godt arbeid av ein av dei fornærma leia oss til ein lokal mann i 20-åra, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

To truleg selt vidare

Den siste månaden har fire påhengsmotorar blitt stelt frå Forstrøno i Strøno.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har stort sett vore i klassen 9,9-hestar. Ein av dei fornærma har følgt med på Finn, og fann ein motor som såg ut til å vera hans. Vi gjekk til ransaking på adressa til ein lokal mann i 20-åra. Der fann politiet to båtmotorar. Vedkomande blei sett i arresten måndag og avhøyrt, seier Hadler-Olsen.

Teledata-undersøkingar er også gjort, og politiet mistenkjer at vedkomande har stelt også dei andre to motorane.

– Dei er truleg selt vidare. I avhøyr erkjenner han ingenting. Politiet er av den klare oppfatting at han er involvert.

Fleire ransakingar

Mistenkte blei sleppt fri tysdag, og det siste døgnet har politiet vore på ransaking på diverse stader som mistenkte har hatt tilknyting til.

– Vi har ikkje funne fleire motorar, seier Hadler-Olsen som skryter av mannen som fann motoren på Finn.

– Han var vaken og følgde med og tok saka vidare til oss. Vi har som sagt god tru på at vi har tatt rett mann.