Evy-Irene Søfteland i Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa, kan jubla for kr. 25.000 i tilskot frå BKK til ein planlagt ferietur til Mikkelparken.
Evy-Irene Søfteland i Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa, kan jubla for kr. 25.000 i tilskot frå BKK til ein planlagt ferietur til Mikkelparken.

Får midlar: – No blir det tur til Mikkelparken

Evy-Irene Søfteland er i gang med å planleggja ein dagstur for familiar som ikkje har råd til å reisa på ferie, etter at Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa vann 25.000 i ein BKK-konkurransen.

To gonger i året deler BKK ut midlar til 15 ulike tiltak. Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa melde seg på til utdelinga i juni, og etter veker med røysting, var dei til sluttblant dei 15 som fekk midlar. No har organisasjonen 25.000 kroner til turen som skal gå til Mikkelparken seinare i sommar.

– Eg trur vi hamna på fjerdeplass til slutt. Eg må berre få takka alle som røysta på oss. Det er heilt supert, seier Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpar på meir hjelp

Gjennom noko dei kallar Sosial Energi, ønskjer BKK å støtta tiltak som skaper energi i selskapet sine eigar- og vertskommunar. For å kunna søkja om tiltak, må det vera noko som bringjer folk saman, anten i deltaking eller som publikum. Med 25.000 kroner kjem ein langt, men Søfteland har eit håp om å kunna fylla ein buss med vel 50 passasjerar.

– Turen skal ikkje medføra utgifter for familiane, så vi må dekkja reisa, inngang i parken, mat og drikke. Om det er nokon som ønskjer å sponsa turen med anten pengar, snacks, mat eller drikke, eller nokon som kan stilla som sjåførar med buss, er det berre til å ta kontakt. 25.000 kroner er mykje pengar, men vi ser at det kan bli tøft å få det til å strekkja til, seier Søfteland og legg til:

– Vi kjem til å ta kontakt med familiar som vi kjenner om dei ønskjer å ta del i turen.