Under utstillingsopninga torsdag fekk Raul velfortent ros av kulturleiar Erik Vangsnes for å setja farge på tilværet, både for dei tilsette på rådhuset og gjester på bygget.
Under utstillingsopninga torsdag fekk Raul velfortent ros av kulturleiar Erik Vangsnes for å setja farge på tilværet, både for dei tilsette på rådhuset og gjester på bygget.

Fargesterk påskeutstilling frå Raul

Torsdag var det ei høgtidleg utstillingsopning i Kommunetunet i Eikelandsosen.

I det som vert kalla Glasgato kan du no oppleva dei fargesterke arbeida til Raul Damiao Jesus.

Raul er opphavleg frå Portugal, noko du kan sjå både i motiva og eit latinsk lynne i fargevalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter fleire år i Norge er Raul likevel tydleg inspirert av det norske landskapet og i utstillinga finn du motiv både frå Eikelandsosen og andre stader her vest.

Raul er ikkje redd for eksperimentera, men har og sansen for det klassiske innan målarkunsten som stilleben. Her er noko for ein kvar smak.

Under utstillingsopninga torsdag fekk Raul velfortent ros av kulturleiar Erik Vangsnes for å setja farge på tilværet, både for dei tilsette på rådhuset og gjester på bygget. Med denne utstillinga har Fusa fått ein attraksjon i påsken.

Jostein Halland

jostein@osogfusa.no