HU-laget til Os Turn markerte avslutning for vårsesongen med pizza på Capri måndag kveld.
HU-laget til Os Turn markerte avslutning for vårsesongen med pizza på Capri måndag kveld.

Feira flott vårsesong

HU-laget har lagt bak seg ein flott vårsesong. Måndag hadde dei avslutning på Capri.

Handballgjengen på HU-laget til Os Turn er godt samansveisa og veit å takla siger og nederlag i saman. Vårsesongen har bydd på begge delar.

– Gjengen har spelt nokre svært gode kampar og jobba veldig godt i lag. No følte me det var på sin plass med ei kjekk avslutning før sommarferien, seier trenar Grethe Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

HU-gjengen i år består av tre frå Tysnes, ein frå Fusa og resten osingar. Alle trivst godt i lag.

Treng fleire trenarar

Grethe har trena laget i over 25 år. Dennes sesongen har ho hatt litt hjelp av Hildegunn Andersen, men elles vore åleine.

– Eg trivst godt med å trena gjengen, men det hadde vore kjekt om me var fleire trenarar. Dei er på litt ulike nivå, så om me hadde vore fleire, kunne me hatt litt meir differensierte treningar, og følgd kvar enkelt av spelarane meir opp, seier Søviknes.

Med fleire trenarar kunne dei også tatt inn fleire spelarar.

– I år har me vore kring 12 spelarar. Med litt fråvær kan det bli ei utfordring når me skal på turnering. Det hadde vore kjekt om me kunne tatt i mot fleire spelarar, seier Søviknes.

Landsstemne i Bergen

Om dei skulle få forsterkningar i form av fleire spelarar eller trenarar, ville det gje eit løft fram mot Landsstemnet i Bergen. Det går av stabelen første veka i september.

– Landsstemnet er på mange måtar årets høgdepunkt for spelarane våre. At det i år blir arrangert nærast på heimebane er sjølvsagt ekstra kjekt, seier Søviknes.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no