Nestsjef Randi Kolskogen og kjøpmann  Jahn Ingolf Lyssand  i perlehumør under dagens bursdagsfeiring.
Nestsjef Randi Kolskogen og kjøpmann Jahn Ingolf Lyssand i perlehumør under dagens bursdagsfeiring.

Feirar 10 år med Meny

Meny-sjefane Jahn Ingolf Lyssand og Randi Kolskogen er som eit gamalt ektepar. I dag feirar dei at «babyen» er 10 år.

– Eg kranglar nok meir med Randi enn med kona. Men då er eg jo ferdigkrangla når eg kjem heim, så det er vinn-vinn, ler kjøpmann Jahn Ingolf Lyssand og dultar nestleiaren Randi Kolskogen venleg i sida.

– Vi har eit fantastisk godt arbeidsmiljø. Det seier vel litt når dei tre i leiinga har jobba i butikken i til saman meir enn 90 år, smiler Randi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førre veke fekk ferskvaresjef Sissel Sperrevik gullklokke etter 25 år i det som fyrst var Drageseth og sidan vart Meny.

Jahn Ingolf og Randi kan skilta med høvesvis 34 og 32 år i same systemet.

Men i dag feirar dei at det er 10 år sidan Meny overtok butikken i Tøsdalskiftet.

Dermed vankar det kake, kaffi og smaksprøver på kundane. I tillegg til ei og anna overrasking.

Sjølvlærte

Både Jahn Ingolf, Sissel og Randi har arbeidd i daglegvarebutikken heile sitt yrkesaktive liv.

Alle er sjølvlærte og utan formell utdanning.

– Det gjer jo at det er mange jobbar vi ikkje kan få, men i daglegvarebransjen kunne vi ha skifta jobb for lengst, om vi ville, seier Jahn Ingolf.

– Men kvifor skifta når ein har det så bra, spør Randi og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Våre tilsette er lojale, trufaste og flinke. Og når ein skal bruka så mykje tid på jobben som oss, så må ein trivast meir enn forventa, seier han.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no