Eirik Søfteland, Reidun Vasby, William Lindborg og Olav Skorpen gler seg til å arrangera minifestival og markera offisiell opning for Havnechefen fredag 26. mai.
Eirik Søfteland, Reidun Vasby, William Lindborg og Olav Skorpen gler seg til å arrangera minifestival og markera offisiell opning for Havnechefen fredag 26. mai.

Feirar torget med minifestival

Offisiell opning for Havnechefen blir markert med minifestival i Os sentrum.

– Etter eit vellukka Vårslepp-arrangement er det stas å kunne fortelja at det berre er få veker til vi slår til igjen, seier dagleg leiar for Os sentrum, William Lindborg.

Nyleg kom Eirik Søfteland og Olav Skorpen innom kontoret til Lindborg. Dei ville arrangera minifestival.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilfeldigvis var Reidun Vasby hos Havnechefen innom samtidig for å diskutera offisiell opning med sentrumssjefen.

Då sa det seg sjølv. Kreftene måtte slåast saman.

Skapar liv

– Vi ville skapa liv på Øyro med musikk, konsertar, mat og drikke, seier Søfteland.

Dagen etter Kristi Himmelfartsdag skal det skje, fredag 26. mai.

– Det blir konsertar med mange ulike band. Vi set opp utescene mellom Rådhuset og Joker, fortel Lindborg.

Forhåpentlegvis er takserveringa på Torgbygget klar, Catten vil ha servering ute.

– Eg synest det er flott at Catten vil vera med og skapa liv på gatenivå, seier Lindborg.

– Ja, dei er herlege pådrivarar som gjer gass og er med, seier Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lovar gøy musikk

Han, Skorpen og Jens Erik Aasmundseth i bandet Undercover har ansvar for det musikalske innhaldet på dagen.

Så langt har dei HM Johnsen, Simen Moesgård og Bighorn Butterboys på plakaten, saman med seg sjølve.

– Grace & Menace slepp singel same dagen og kjem også til til å spela eit par låtar i akustisk drakt, fortel Søfteland.

Bighorn Butterboys blir av arrangørane skildra med orda «coverlåtar med banjo» og «kjempegøy musikk».

Ikkje heilt overraskande byr også arrangørane sitt eige band «Undercover» på coverlåtar.

– Vi opptrer mykje på fest og speler alle våre «guilty pleasures» frå dei siste fire tiåra, fortel Søfteland, som lover at dei har med seg fleire spesielle gjastar på scenen denne dagen.

Dag og kveld

På dagtid blir det konsertar som er tilpassa den yngre garde i tillegg til ulike utstillarar og liv i gatene.

Sjølve Torgfesten er planlagt å finna stad på kveldstid, frå barne-TV-tid til ein time før midnatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då blir det musikk på scenen frå dei ulike banda og servering av mat og drikke ute, uansett kva vermeldinga seier.

– Vi har telt tilgjengeleg om det blir nødvendig, seier Lindborg.

Treng litt tid

Havnechefen opna rett nok dørene under Vårsleppet laurdag, men hadde det då, som forutsett, alt for travelt til samtidig å handtera noko meir offisiell opning.

Det var så vidt Reidun Vasby hadde tid til å vera med på eit bilete. Framleis gjenstår også ein del arbeid på bygget, mellom anna var ikkje den planglagte takserveringa klar.

– Derfor passar det fint å feira dei skikkeleg om nokre veker, når alt forhåpentlegvis er ferdig og dei har fått innarbeidd rutinar, avsluttar Lindborg.

asa.nord@osogfusa.no