Marius og Mads Lund Halland, James, Jørgen og Jacob Juul Ogle). (Alle
Marius og Mads Lund Halland, James, Jørgen og Jacob Juul Ogle). (Alle

Fekk eit monster på kroken

Langa som blei fiska på Drange denne veka, er nok blant dei største i Os nokosinne.

- Vi har delt ut lange til familie og venar. Det var for mykje mat til at vi kunne ta heile sjølv, seier Christine og ler.

Langa som dei fekk på kroken var heile 1.52 lang, og vog 33,2 kilo.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ho er enorm!

Christine med familie var på foreldras hytte på Drange saman med ein vene-familie frå Danmark då dei fekk monsteret på kroken.

- Vi hadde sett ut garn og sniksnøre, som nokre av oss skulle sjekka i går før vi skulle ha lunsj på Skorpo. Det var ingenting i garnet, heller ikkje på dei tre først sniksnøra. Det tenkte mannen min var like greit, for vi hadde fått så mykje fisk dagen før. Då treng vi ikkje sløya fisk i dag, tenkte han, seier Christine.

Men på det siste snøret fekk dei storfangst.

Langa var på 1.52 meter, og vog heile 33,2 kilo.
Langa var på 1.52 meter, og vog heile 33,2 kilo.

- Ungane ropte at det var ein stor fisk, men når han kom nærare overflata blei dei heilt ville. Ho er enorm, ropte dei, og sprang rundt i båten.

Basketak

Då langa var fem meter frå båten rauk snøret, men borna nekta å gje opp. Dei ropte til førar av båten at han måtte bakka.

- Mannen min fekk tak i langa, og fekk ho opp i båten. Det var litt av eit basketak. Langa var ganske dvask, men ho var jo tung, seier Christine.

Kappa av hovudet med øks

Dei som ikkje var med i båten var på Skorpo for å stella i stand lunsj.

- Dei tok med seg langa til oss, og alle som var i nærleiken fekk sjå fisken. Dei fekk sjokk når dei såg beistet. Borna var heilt i hundre og berre sprang omkring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei måtte bruka øks for å kappa hovudet av fisken.

- Det var ein fantastisk flott fisk. Svigerfar laga fiskekaker som danskane fekk med seg heim. Meir heimelaga mat får du ikkje, seier Christine og ler.