(
(

Fekk ikkje køyra vidare

Ei kvinne i 40-åra blei stoppa utan gyldig sertifikat i Fusa i føremiddag.

I føremiddag måndag hadde politiet trafikkontroll på Venjanesvegen på Fusa.

– Vi kontrollerte ein del bilar. Ei kvinne køyrde utan gyldig sertifikat, og vil bli meldt for det. Ho måtte setja frå seg bilen, og vil få eit førelegg og utsetjing på sertifikatet, seier politibetjent Kjartan Svendsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På veg tilbake til kontoret etter kontrollen, kom politiet over eit lite steinras.

– Vi måtte stengja vegen i kort tid, og melde frå til vegtrafikksentralen, seier Svendsen.