Mantas med kjemperøya på 6 kilo.
Mantas med kjemperøya på 6 kilo.

Fekk kjemperøye på Skogseidvatnet

Mantas Navakauskas måtte laga mykje større hol i isen då han fekk kjemperøye på kroken.

Ivrige isfiskarar har gode forhold på Skogseidvatnet i Fusa i desse dagar. Vatnet er kjend for sine store aurar og røyer. Noregs største røye (8,285 kg) blei fanga i Skogseidvatnet av Ivar Mathisen frå Hamar i 2002, skrivFiskeavisen.no.

Mantas Navakauskas, opphavleg frå Litauen, bur i Bergen og har venta i fleire år på at isen skulle bli sikker nok på Skogseidvatnet. Mantas fiska på 20 meters djup med ein blink som var svart med gule prikkar. I tillegg brukte han kvitt lys og maggot. Det var det som skulle til for å kjemperøya på heile 6 kilo på kroken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fiskeavisen.no skriv vidare at holet i isen viste seg å vera altfor lite for den store fisken. Med god hjelp frå kompisar fekk han fjerna nok is og kunna dra røya på land etter over 10 minutts kamp.

jostein@osogfusa.no