– Vi har ein høg andel av førarkortbeslag i Os på grunn av ruskøyring. Det er urovekkjande mange.
– Vi har ein høg andel av førarkortbeslag i Os på grunn av ruskøyring. Det er urovekkjande mange.

Fekk melding om narkotika-handel

I løpet av knappe tre timar var politiet ute på tre rus-relaterte oppdrag onsdag kveld.

Det starta i 20-tida då patruljen trefte på ein mann i 30-åra som er ein kjenning av politiet.

– Vi har fått fleire tips om at vedkomande har køyrd i rus, men vi har tidlegare ikkje greidd å få det bevist, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen hadde i går 0,6 i promille då han blei stoppa i Os sentrum. Han samtykka til førarkortbeslag. Det er også tatt blodprøver og utvida prøver av mannen.

Høg andel førarkortbeslag pga. rus

Kvart på ti i går kveld trefte patruljen på ein mann som skal ha gitt dei god grunn til å sjekka han nærmare.

– Han hadde mindre mengder hasj på seg. Mannen, som er i 30-åra, erkjente forholdet og vedtek straff, seier Dyrdal.

Ein knapp time seinare, fekk politiet tips om handel og omsetnad av narkotika. Kort tid etter trefte patruljen på bilen som dei var blitt tipsa om.

– Det var observasjonar som gjorde at vi hadde nok grunnlag til å ransake vedkomande. Det blei gjort funn av mindre mengder hasj og marihuana, seier Dyrdal.

Mannen i 40-åra erkjenner forholdet. Prøver blei tekne av mannen for å sjå om han var rusa. Det er også snakk om førarkortbeslag, seier Dyrdal og legg til:

– Her er det snakk om omsetnad av stoff. Det er bra at vi kjem over og får tatt tak i omsetningsledd.

Dyrdal fortel at politiet i Os gjer mange førakortbeslag som følgje av køyring i rusa tilstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har ein høg andel av førarkortbeslag i Os på grunn av ruskøyring. Det er urovekkjande mange. Vi vil oppmoda folk til å fortelja om dei har mistanke om at nokon køyrer i rusa tilstand. Vi får ofte meldingar om såkalla vinglebilar, og sjekkar dei så ofte vi kan. Det er ikkje alltid det er ruskøyring, men det er betre å tipsa ein gong for mykje enn ein gong for lite, seier Dyrdal.