Politiet i Os har hatt fleire oppdrag natt til i dag.
Politiet i Os har hatt fleire oppdrag natt til i dag.

Fekk melding om ungdom med våpen

Politiet rykte ut til eit privat russetreff i Hegglandsdalen i natt etter å ha fått melding om ein ungdom som bar skytevåpen.

– Patruljen skal ha vore i kontakt med ein vakt kring midnatt. Væpna politi rykte ut til ungdomshuset i Hegglandsdalen og tok kontakt med ungdomen. Vedkommande hadde ikkje våpen på seg, og det var ingen ting som tydde på at han hadde hatt det heller, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

På den same festen blei det meldt om litt amper stemning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Festen blei avslutta klokka kring klokka 02.00, seier Kolltveit.

Litt tidlegare same kveld, fekk politiet melding om ordensforstyrring på Kiwi Moberg.

– Meldinga gjekk på at ein ungdom slo og sparka i nokre skilt utanfor butikken. Dei tilsette snakka til han, men han reagerte ikkje på meldingane frå dei. Ungdomen skal ha vore godt rusa, seier Kolltveit.

På den same staden kom det kort tid etter ei ny melding om bråk. Då skal ein ungdom ha slått to andre med eit skilt i ansiktet.

– Patruljen snakka med ungdomane. Det kjem nok ei melding om dette i ettertid. Dei to meinte at mistenkte også hadde eit våpen på seg. Han skal ikkje ha vist noko fram, og dei sa at det ikkje var eit skytevåpen. Kva våpen dei meiner å ha sett, er usikkert, seier Kolltveit og legg til:

– Mistenkte var borte då patruljen kom til staden.