(
(

Fekk tips om rusa bilførar

Politiet i Fusa rykte ut laurdag då dei fekk tips om ein rusa bilførar.

– Vi fekk melding laurdag føremiddag. Politiet kom i kontakt med bilførar som er ein mann. Det blei teken blodprøve av mannen. Vi ventar på resultatet, opplyser politiet.

Fredag føremiddag var det ein lastebil som kvela i Fusa. Politiet var på staden, og det er ikkje oppretta sak. Bilen blei liggjande utanfor vegbanen og ikkje til hinder for trafikken. Føraren opplyste at vassplaning var årsaka til ulukka.