Alle hadde ei arbeidsøkt inne i fjøsen og alle fekk vera med og køyra traktor.
Alle hadde ei arbeidsøkt inne i fjøsen og alle fekk vera med og køyra traktor.

Fekk vera bonde for ein dag

Ved dagens slutt vart elevane spurt om det var mange som kunne tenkja seg å verta bonde. Då rekte halvparten neven i veret.

Fredag 20. april arrangerte Fusa Bondelag og TINE det årlege «Bonde for ein dag»-arrangementet. Vertskap var også i år Strandvik Mjølk. I alt 11 bønder tok fri frå våronnarbeidet for å hjelpa til.

I alt 53 4. klassingar frå dei sju skulane i Fusa kom på besøk. Dei fekk læra og sjå litt om korleis ein kvardag for ein bonde er. Dei hadde ei økt med jordlære. Dei fekk læra om ku og sau. Alle hadde ei arbeidsøkt inne i fjøsen og alle fekk vera med og køyra traktor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midt på dagen smakte det ekstra godt med grilla pølser og drikke som arrangøren hadde stelt i stand.

For oss som arrangør er det veldig kjekt når ein møter så interessert og motivert ungdom. Ved dagens slutt vart elevane spurt om det var mange som kunne tenkja seg å verta bonde? Då rekte halvparten neven i veret. Det varma eit bondehjarta!

Takk til alle for ein super dag.

Fredag 20. april arrangerte Fusa Bondelag og TINE det årlege «Bonde for ein dag»-arrangementet. Vertskap var også i år Strandvik Mjølk.
Fredag 20. april arrangerte Fusa Bondelag og TINE det årlege «Bonde for ein dag»-arrangementet. Vertskap var også i år Strandvik Mjølk.
I alt 53 4. klassingar frå dei sju skulane i Fusa kom på besøk. Dei fekk læra og sjå litt om korleis ein kvardag for ein bonde er.
I alt 53 4. klassingar frå dei sju skulane i Fusa kom på besøk. Dei fekk læra og sjå litt om korleis ein kvardag for ein bonde er.

Lars Inge Vik

Fusa Bondelag/TINE