annonse

Fekk vera husmenn for ein dag på Vinnesholmen

Ivrige elevar
Ivrige elevar: 51 ivrige elevar fekk ro, mjølka ku, laga høybør, saga ved, rista smør, koka vassgraut, steikja lappar og leika leikar frå «før i tio».(Foto - Laila-Beathe Misje Tveit, lærar ved Nore Fusa skule) (Foto: )

Sist torsdag fekk alle 5. klassingane i Fusa prøva seg som husmenn for ein dag i vakkert vårver på Vinnesholmen.

Jostein Halland

Aktivitetsdagen var del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget «Fusanisto», og 51 ivrige elevar fekk ro, mjølka ku, laga høybør, saga ved, rista smør, koka vassgraut, steikja lappar og leika leikar frå «før i tio».

Med som instruktørar var leikleiar Ingrid Brekke, bonde Magne Gjuvsland (mjølking og høybør), Ragnhild Bjørke som stod for lappesteikinga og Ella Marie Brekke Vangsnes som hadde ansvar for smørlaginga. Sistnemnde er også ansvarleg for Fusaniso-opplegget.

I tillegg var Dagfinn Solberg med og leia vedarbeidet, Mairi Jogiaas leia koking av vassgraut, medan Silje Helland, Bjørn Kilen, Magnus Bernson og Hans Olav Djupvik var roinstruktørar.

- 15. mai er det 6. klassingane sin tur til å samlast på «Fusanisto»-aktivitetsdag. Då er me på offisersgarden Engevik Gaard og tek for oss dansketida i Fusa og 1814, fortel Brekke Vangsnes.

Fakta:

Ein husmann var ein som leigde jord hjå ein bonde for eit avgrensa tidsrom. Som regel varde leigetida livet ut.

Husmannsvesenet vart til fordi det var for mange folk og for lite jord her i landet på 1800-talet. I år 1900 var 20% av innbyggjarane i Fusa busette på ein husmannsplass. Husmannsvesenet tok slutt rundt 1930.

Dei siste husmennene på Vinnesholmen var Engelina og Lars Vindenes, frå 1892 til 1930.

Husmannsplassen på Vinnesholmen vert teken vare på ved å bruka han som utleigebustad for feriegjester. Stiftinga Vinnesholmen restaurerte husmannsplassen og starta utleige til feriegjester i 1991. No er det Vinnesholmen kystlag som driv plassen for kommunen.

jostein@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut