Knut Gunnarson Haugland og gjengen i Ferdamann er klare for Nore Neset-hallen vesle nyttårsaftan.
Knut Gunnarson Haugland og gjengen i Ferdamann er klare for Nore Neset-hallen vesle nyttårsaftan.

«Ferdamann» klar for vesle nyttårsaftan-konserten

Osfest køyrer tradisjonen tru full fest på vesle nyttårsaftan. No er også «Ferdamann» klar.

– Dette er det andre bandet me har klare. Tidlegare har me booka «Gunslingers». No har me berre eitt band til å annonsera. Det kjem me ut med i november, seier Tor Egil Hylland i Osfest.

Bereist band

«Ferdamann» vart starta i 2000 av tekstforfattar og låtskrivar Knut Gunnarson Haugland. Bandet gav ut sitt første album i 2005. Plata vart kalla «Dagane» og låtane frå skiva vart spelt mykje på radiokanalane i Noreg den gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Besetninga er etter kvart blitt litt skifta ut. Dagens «Ferdamann» består no av Jan Gunnar Rosseland på gitar, Frode Andreassen på trommer og Josten Fonnes på bass, i tillegg til nemnde Haugland.

Bandets andre album vart utgjeve i 2015 og var eit såkalla sjølvtitulert album kalla nettopp «FERDAMANN».

Bandet har spelt mykje rundt i Noreg og var sist og sjå på desse traktar under Tysnesfest no i sommar.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no