Patricia Langeland skryter uhemma av lysmann Petter Lawrence og kva hans arbeid har hatt å seia for framsyninga «I flyt».
Patricia Langeland skryter uhemma av lysmann Petter Lawrence og kva hans arbeid har hatt å seia for framsyninga «I flyt».

Fin flyt fram mot premieren

Over 130 dansarar er med på kveldens og torsdagens danseframsyning «I flyt», laga av Patricia Langeland.

I kveld (onsdag) og i morgon kveld står eit enormt ensemble frå Os kulturskule klare for å visa kva dei har øvd på det siste halve året. Totalt skal over 130 dansarar på scenen. Aktørane er i alderen 7 til 50 år.

– Det har vore enormt kjekt å jobba med denne framsyninga. Teamaet «flyt» spelar på at alt er i rørsle – og at tidas tann fargar oss på ulikt vis, fortel danselærar ved kulturskulen og kvinna bak oppsetninga, Patricia Langeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at det også har vore ein særs bra flyt i førebuingane til framsyninga.

– Alle er gira, og ting fungerer bra, seier ho.

Utfordrande stykke

Patricia fortel vidare at dei har prata ein del om temaet, rett og slett for å underbyggja kva dansen handlar om.

Patricia Langeland har dei siste åra hatt ei vaksengruppe med dansarar. Onsdag får dei sin debut på scenen i Oseana.
Patricia Langeland har dei siste åra hatt ei vaksengruppe med dansarar. Onsdag får dei sin debut på scenen i Oseana.

– Me har jobba veldig mykje med denne framsyninga. Det er eit vanskeleg tema og mykje vanskeleg danseteknikk. I tillegg har me brukt ein del tid på koreografi og lyssetting. Her må eg få skryta av lysmann Petter Lawrence. Makan til kreativ og flink lysmann. Hans finish gjer at stykket løfter seg til nye høgder, skryter Patricia.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no