annonse

Fine prøver. Held fast på kokevarselet

Må framleis koka vatnet
Må framleis koka vatnet: Onsdag vart det sendt ut kokevarsel for dette området på Halhjem. Nye prøver syner at drikkevatnet ikkje er forureina, innbyggjarane må likevel koka vatnet i minst 24 timar til. (Foto: Illustrasjon, Os kommune)

Prøveresultat syner at vatnet frå høgdebassenget på Bjørnen ikkje er forureina. Os kommune kan likevel ikkje oppheva kokevarselet.

Camilla Kvamme

Onsdag sendte Os kommune ut kokevarsel til abonnentar som får vatn frå høgdebassenget på Bjørnen. Årsaka var at rutinemessige vassprøver synte indikasjonar på forureining.

– Nye prøver vart tekne i går for å undersøkja om det verkeleg var snakk om forureining av vatnet. Heldigvis syner prøveresultatet at vatnet ikkje er forureina, skriv Os kommune i ei pressemdling torsdag ettermiddag.

Beklagar ulempene

Trass fine prøver, ifølgje regelverket må kommunen ta ei ny vassprøve 24 timar etter den første for eventuelt å få stadfesta prøveresultatet.

– Først når vi får svar på denne andre vassprøva, er det aktuelt å oppheva kokevarselet, går det fram av pressemeldinga.

Os kommune påpeikar at alle som er råka av kokevarselet, vil få ny melding når det vert oppheva.

– Vi beklagar ulempene som følgjer med eit kokevarsel, men håpar samstundes på forståing for at dette er rutinar vi må følgja for å sikra reint og trygt drikkevatn i kommunen vår, skriv kommunen.

camilla.kvamme@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut