annonse

Finteljinga er klar: 18-17 til opposisjonen står ved lag

Debatt i Tunet
Debatt i Tunet: Åtte toppkandidatar var på plass under siste debatt før kommune og fylkesvalet i 2019. (Foto: Kenneth Svenningsen)

Kl 17 i dag starta teljinga av dei postsende stemmene. No er resultatet klart

Jostein Halland

Kl 17 i dag starta teljinga av dei postsende stemmene. No er resultatet klart.

Ap var nærast å mista eit mandat og Sp var nærast å vinna eit mandat før finteljinga tysdag ettermiddag. Dette ifølgje valg.no. Ifølgje pollofpolls.no var også Venstre nær ved å skaffa seg eitt mandat. No er det klart at Ap og Sp vert ståande med høvesvis 8 og 5 mandat. Venstre fekk ikkje inn ein representant.

Slik fordeler mandata seg dermed etter årets kommuneval:

Frp - 12

H - 5

Ap - 8

Sp - 5

MDG - 3

KrF - 1

SV - 1

Oppslutnad i prosent:

Frp - 31,9 prosent

Ap - 20,8 prosent

Sp - 15,1

H - 13,5

MDG - 9,1

KrF - 3,7

SV - 3,0

V - 1,9

Raudt - 1,0

Valstyret si møtebok som blir handsama i Valstyret i morgon. Det vert difor teke atterhald om deira godkjenning.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut