Glenn Erik Haugland føreslo at ideelle aktørar kunne få avslag i prisen, men fekk motbør frå fagleg hald.
Glenn Erik Haugland føreslo at ideelle aktørar kunne få avslag i prisen, men fekk motbør frå fagleg hald.

Fjellheim vedteke selt

Glenn Erik Haugland (V) føreslo at ideelle aktørar kunne få forkjøpsrett så sant bodet var over 5 mill. kroner, men rådmannen innvende at det vil anten vera ulovleg eller svært komplisert.

Kommunestyret fekk i kveld til behandlingframlegget frå administrasjonen om å gje eigedomsutvalet fullmakt til å selja Fjellheim. Debatten gjekk langs dei vante spora, der opposisjonen argumenterte hardt for byggets kulturverdi og nytteverdi, medan posisjonen vektla økonomisk verdi.

– Aurora Aksnes og Marius Neset har nådd langt på grunn av talent og hard arbeid, men også på grunn av Fjellheim, sa til dømes Sandra Austgulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Espen Aspenes (Frp) meinte på si side at bygget ikkje var så unikt i vestlandsk samanheng.

– Folk med fagleg tyngde seier at det finst tilsvarande arkitektoniske bygg, til dømes på Espeland, sa han.

Om bygget skal rivast eller ikkje, må vera opp til ny eigar, la han til.

– Om bygget – mot formodning – skulle bli rive, vil me ikkje lenger ha eit slikt bygg akkurat i Os. Men det er opp til kjøpar å avgjera om han vil ta vare på bygget og innhaldet i det, sa han.

Fjellheim på billigsal?

Eit forslag som ikkje har vore framme før, kom Glenn Erik Haugland til torgs med.

– Dersom ein går for å selja bygget, vil eg føreslå at me gjev ein forkjøpsrett til ideelle aktørar i privat regi, dersom bodet er over 5 mill. kroner, sa Haugland.

Han la til at ordførar hadde påpeikt at noko slikt kunne stri med vedteken eigedomsstrategi, som seier at ein skal selja til høgstbydande, men Haugland meinte det ikkje var bindande for kommunestyret.

Rådmann Christian Fotland meinte derimot at det ikkje ville vera så enkelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mogleg at eit vedtak om å selja under marknadsverdi kan vera ulovleg. EØS-reglar seier at dersom du sel eigedom under marknadsverdi blir gevinsten å sjå som statsstøtte til den som kjøper, sa Fotland.

– Hadde det vore ein kommersiell aktør hadde eg skjønt problemet, men det er vel større tradisjon for å gje slikt tilskot til kjøp for ideelle organisasjonar, spurde Haugland.

Fotland sa at det var godt mogleg, men i så fall komplisert. Han viste til slakterhustomta i Bergen, der eit slikt sal vart meldt inn til EFTA-domstolen, og vart godkjent berre etter ein omfattande prosess.

– Os U Aktiv-sprekken taler for Fjellheim

I eit innlegg spurde Siren Tømmerbakke (Sp) om ikkjefordyringa av prosjektet Os U aktiv– delvis pga. sambruk mellom sportslege og kulturelle aktivitetar – talte for å vurdera Fjellheim på nytt. Ho fekk støtte frå Tryggve Lillestøl (KrF).

– Det vil truleg vera vesentleg rimelegare å oppgradera Fjellheim enn å betala 20 mill. ekstra for god nok lydisolering mellom kulturseksjonen og idrettsseksjonen, sa Lillestøl.

Espen Aspenes svara som han før har gjort at tida har gått frå Fjellheim, og at Os U Aktiv vil vera eit mykje meir framtidsretta bygg.

– No er me komne til vegs ende i denne saka. Ho har versert i systemet sidan 2008. I denne saka blir me klandra for å ikkje verdsetja kulturarven. Men i Os har med brukt mykje meir på kultur enn mange andre stader. Det er ganske utypisk for Frp andre stader i landet. Me meiner at tida har gått frå Fjellheim. Og den kulturaktiviteten me ikkje få plass til i Oseana, vil få plass i Os U Aktiv og andre lokale kulturscener, sa Aspenes.

Sjølve framlegget om å selja fekk 20 røyster (posisjonen og 1 KrF og 1 V) mot 15, og same fordelinga gjorde seg gjeldande i disfavør Haugland sitt framlegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no