Frå laurdag av, kan ein sjå fleire av Torild Stray sine verk i Galleri Hvelvet i Oseana.
Frå laurdag av, kan ein sjå fleire av Torild Stray sine verk i Galleri Hvelvet i Oseana.

Flaumar over av idear og motiv

Tittelen Flaum er ikkje tilfeldig. Katastrofar er tema som er synleg til stades i mange av arbeida til Torild Stray som skal ha utstilling i Oseana.

5. mars blei Torild Stray si nesten fem meter lange kolteikning, N.Y. Metamorphosis (1998), innlemma i den permanente samlinga til National 9/11 Memorial & Museum på Ground Zero i New York.

– Hendinga – og biletet, som viser utsikta frå 85. etasje frå World Trade Center – har fått stor merksemd i både norske og internasjonale medium, skriv kurator ved Oseana, Evelyn Holm, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Utstillinga består av oljemåleri, kolteikningar og trykk – alle laga dei seinare åra i anten New York eller Noreg – med fokus på bylandskap, figur og natur. Utstillingstittelen er ikkje tilfeldig. Oversvømming, tsunami og katastrofar er tema som er synleg til stades i mange av arbeida. Enkelte gonger som tydelege referansar til nyhendebiletet, andre gonger opptrer dei meir skjult i biletas mange lag av måleriske verkemiddel, eller fordi motivet ved første blikk kan vera fredfylt, nærast idyllisk, men med ei underliggjande poetisk kraft, skriv Holm.

Kuratoren meiner likevel at ein metaforisk lesing av utstillingstittelen blir vel så relevant.

– Her flaumar det over av både idear og motiv, av inntrykk og uttrykk i eit assosiasjonsrikt formspråk med både flyt, flukt og driv.

Filmskapar Ellen Lande kjem

Torild Stray har stilt ut i New York og Noreg sidan tidleg på 1990-talet. Ho har teke imot ei rekkje prisar og stipend. Siste utstilling før FLAUM på Oseana var ved den internasjonale kunstmessa The Armoy Show i New York, der ho var representert av De Sarthe Gallery.

– På opningsdagen kan publikum treffa kunstnaren i samtale med filmskapar Ellen Lande, som vil visa ein røff bakom-film med Torild Stray i arbeid dagen før utstillingsopninga. Både denne filmsnutten og eit utdrag frå Flimmer Films dokumentar Return of a View, som ikkje er ferdig, vil bli vist på Oseana under utstillinga, skriv Holm.

Utstillinga i Galleri Hvelvet i Oseana Kunst & Kultursenter opnar laurdag.