Benjamin Søgnen Olsen
Benjamin Søgnen Olsen

Fleire bilistar fekk tilsnakk onsdag: – Nokre kverulerer og er sarkastiske. Då blir reaksjonen noko heilt anna

Mange vakne osingar bidrog til at fleire bilistar fekk ein alvorsprat med politiet.

– Det kom onsdag melding om fleire tilfelle vinglekøyring, noko som mellom anna førte til at politiet stoppa ein mannlegbilist som var svært rusa.

– Dette er meldingar vi ofte får, og det er veldig bra at publikum melder frå. Vi rykkjer ut om vi har høve til det, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Meldingane i går gjekk på sjåførar som var opptekne med alt anna enn å køyra bilen. I fleire tilfelle går meldingane på at det lyser opp i ansikta til sjåførane – noko som tyder på mobilbruk. Dei køyrer også vinglete.

Nokre kverulerer

Vidare fortel lensmannen at det er sjeldan at bilistane sjølv vedgår å ha brukt mobilen.

– Det gjer det vanskeleg å ta dei der og då. I mange tilfelle snakkar vi til bilistane og iretteset dei, og ser at dei tek det til seg. I nokre tilfelle treffer vi på kverulantar som er sarkastiske. Då blir reaksjonen noko heilt anna. Då kan det fort bli sak ut av det, seier lensmannen.