Anne Kjersti Sælen, Anette Mo, Malin Handeland Fossli, Kristian R. Thyholdt, Iselin Alfheim, Daniel Vyvial og Erlend Moberg.
Anne Kjersti Sælen, Anette Mo, Malin Handeland Fossli, Kristian R. Thyholdt, Iselin Alfheim, Daniel Vyvial og Erlend Moberg.

– Fleire har blitt truga med å mista barnehageplassen

Foreldre reagerer kraftig på det dei opplever som forsøk på å bli truga til stillheit av leiinga ved Borgafjell barnehage. Barnehagens advokat avviser påstandane.

Ein del foreldre som Os og Fusaposten snakkar med ønskjer ikkje å stå fram med namn av frykt for represaliar. Dei viser til at dei tre personane som mest aktivt har stilt spørsmål knytt til bemanning og bornas tryggleik, har fått beskjed om at dei kan mista barnehageplassen. Men ei gruppe tidlegare tillitsvalde i barnehagen vel likevel å stå fram i samla tropp.

– Dei som får beskjed om at dei kan mista barnehageplassen er personar som har stått litt på barrikadane i denne saka. Dei som har stilt flest kritiske spørsmål, seier dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– De tolkar det som eit forsøk på å få foreldra til å vera stille?

– Ja. Det handlar om å prøva å kontrollera oss ved hjelp av trugsmål og frykt. Og det er ikkje greitt, svarer foreldra som lokalavisa møter seint onsdag kveld – etter at borna er i seng.

Tidlegare var dei alle medlemmer av FAU i barnehagen. Denne vekavalde dei å leggja ned verva sine, då dei meiner at samarbeidsklimaet som er naudsynt for FAU-arbeid, ikkje lenger er til stades.

– Møtte spørsmål med trugsmål

Erlend Moberg, tidl. FAU-representant ved Sprett avdeling, seier at bakgrunnen er som Os og Fusaposten og fleire andre aviser harskrive om tidlegare, den utstrekte bruken av vikarar.

– Det er ein uforsvarleg situasjon, og me føler ikkje at alle ungane er trygge lenger. Det er meir uro for dei minste ungane. FAU har hatt ønske om at det blir kalla inn til eit foreldremøte som er ope for alle, seier Moberg.

Sjølv har han søkt ny barnehageplass for sine to jenter.

Malin Fossli, tidlegare FAU-representant ved same avdelinga, seier at ho aldri har opplevt noko liknande.

– Me bad om samarbeid med leiinga, men det blei ikkje lett. Me kom ingen veg med våre spørsmål, og opplevde i staden å få trugsmål. Bl.a. var det fleire som fekk varsel om oppseiing av plassane. Eg ser ikkje noko poeng med å ta eit slikt tillitsverv når ein ikkje oppnår noko, seier Fossli.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Leiinga vrir og vender på fakta

Lokalavisa får framlagt eitt av breva som er gått ut frå barnehagen til ein forelder. Her blir det vist til paragrafar i barnehagens vedtekter om oppseiing som følgje av «annan sakleg grunn», før det blir vist til ulike skuldingar – mellom anna at dei har stått fram i media.

Daniel Vyvial, tidl. FAU-representant i Ugla avdeling, leverte si oppseiing på onsdag.

– Me er ikkje interesserte i å vera i dialog med barnehagen når meiningane våre, og ting som blir diskutert, blir brukt mot oss, og me blir truga med å mista plassen borna våre har i barnehagen, seier han.

Anette Mo, tidlegare tillitsvalt ved Ole Brumm avdeling, seier også at dei ikkje har opplevt å nå fram til leiinga.

– Det einaste me vil er at me skal kunna levera frå oss borna på ein trygg, stabil og pedagogisk stad. Slik er det ikkje no, seier Mo.

Anne Kjersti Sælen, også ved Ole Brum-avdelinga, opplever at dei ikkje har blitt høyrt.

– Samarbeidet med leiinga fungerer ikkje. I tillegg vrir og vender leiinga på fakta, slik at FAU blir framstilt heilt feil ovanfor resten av foreldra i barnehagen, seier Sælen.

Kjenner seg utrygg

Ein forelder fortel om at ho gjentekne gonger har blitt lova møte med leiinga, berre for å oppleva at desse blir avlyste i siste liten, eller utsett. Mangelfull kommunikasjon er noko fleire avisa snakkar med har kjent på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Iselin Alfheim, tidl. FAU-representant ved Ugla, opplever at leiinga ikkje ønskjer å samarbeida.

– Leiinga kjem med trugsmål mot ulike foreldre. Eg reknar med at når dette står på trykk i avisa, kjem også eg til å få trugsmål om å mista plassen. Mange foreldre har lyst å byta barnehage, men andre barnehagar er fulle, og dei føler at dei ikkje har noko val. Eg håpar verkeleg kommunen gjer noko snart, seier ho.

Dotter hennar har hatt helseproblem, og ho føler seg utrygg når det stadig er nye vikarar på vakt – i staden for vaksne som kjenner dottera.

– Dottera mi kjem heim og fortel urovekkjande hendingar knytt til vikarar. Blant anna vart ho funnen medvitslaus to gonger i fjor, utan at me eller Haukeland har funne ut kva det er. Dette er urovekkjande når det er så mange vikarar. Om det skulle skje igjen, er eg bekymra for dottera mi i barnehagen. Denne veka har eg valt å ha henne heime etter at eg høyrde at det igjen var nye vikarar, seier ho.

Avviser påstandane

Leiinga i barnehagen kommuniserer via Nina Gundersen Sandnes i Kluge advokatfirma. Ho opplever det som utfordrande at ein vesentleg del av påstandane frå foreldra er lite konkretiserte, og ofte manglar forankring i dei faktiske forholda i barnehagen.

– Dialogen er i nokre tilfelle også vanskeleggjort av at enkelte foreldre står fast på krav knytt til forhold i drifta dei korkje har kunnskap om eller kompetanse til å vurdera, og som openbert må overlatast til leiinga å ta stilling til, seier Sandnes.

– Ikkje noko trugsmål

Ho avviser også påstanden om at barnehagen ikkje held seg til fakta.

– Stemmer det at foreldre blir truga med å mista barnehageplass som følgje av at dei har fortalt om problem med barnehagen offentleg?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som dessverre svært mykje anna som har blitt presentert som fakta i denne saka, er det på ingen måte dekning for ein slik påstand. Eg kan stadfesta at barnehagen har vedtekter som gjev heimel for oppseiing av ein tildelt barnehageplass. Barnehagen har funne grunnlag for å varsla nokre få foreldre om at ein vurderer oppseiing av deira tildelte plass. Men det er grunngjeve i heilt andre tilhøve enn foreldra sin bruk av media eller andre kanalar for å fremja deira kritikk, seier Sandnes.

– Dei tolkar dette slik at dei som kjem med kritikk får dette som trugsmål?

– Eit varsel om mogleg oppseiing av ein tildelt barnehageplass er ikkje noko trugsmål. Det er eit naudsynt verkemiddel dersom vilkåra for oppseiing er oppfylt, seier ho.

Barnehagen ønskjer ikkje å dela grunngjevinga for varsla som er gjevne og viser til tausheitsplikta.

Ber om konstruktivt fokus

Lokalavisa spør Sandnes om korleis konfliktnivået har blitt så høgt som det tydelegvis er no.

– Det har me våre klare meiningar om, men ønskjer ikkje å dela dei. Borgafjell barnehage gjer sitt ytste for å bevara fullt fokus på sunn, trygg og god drift sjølv i ein utfordrande fase – til beste for borna. Det ville vore tenleg om andre også heldt dette fokuset, seier ho.

Ho viser til at barnehagen har eit sterkt fokus på barnehagelovas føremålsparagraf, og innhaldet i tilbodet.

– Her meiner me at barnehagen og foreldra har eit samanfallande syn. Det burde vera eit godt utgangspunkt for ein god og sakleg dialog, samarbeid og respekt for kvarandres roller, avsluttar Sandnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no