Mads, May Lene og Stina spelar horn.
Mads, May Lene og Stina spelar horn.

Flott Luciafeiring i Sævareid

Luciadagen 13. desember er ein flott tradisjon, og samtidig ei påminning om at jula nærmar seg.

I Sævareid er det andre gongen kyrkja er med og feirar luciadagen. Dette vart gjort med fakkeltog for store og små frå Torsheim til kapellet. Toget bevega seg sakte langs den mørklagte vegen, opplyst av elden frå faklane. På veg inn i kapellet song born og vaksne Luciasongen, som er songen om førebilete vårt i tru og liv.

Det var møtt opp over 40 personar, store som små til å ta del i feiringa. Kapellet var særleg pynta for anledninga. Lokale, yngre krefter sto for musikken til songane. Først spela musikantane på nytt Luciasongen før alle var med og song Nå tendes tusen julelys.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norunn Rød Markhus las Lucia-fortellinga til ei lydhøyr forsamling. Det ljoma godt i kapellet då songane Det lyser i stille grender og Ei stjerne skinner vart sunge.

Stina og dei unge hornmusikarane spela flott til songane. Adventsljosa vart tende av born. Til avslutning på det musikalske programmet spela musikantane Stille natt til god applaus frå dei frammøtte.

Dette vart ein kveld alle frammøtte var med å tok del i på ulik vis. Før maten sa soknepresten Einar Ekerhovd nokre velvalde ord til ettertanke.

Live, Nicolai, Martine, og Eivin Lukas tenner adventsljosa.
Live, Nicolai, Martine, og Eivin Lukas tenner adventsljosa.
Fakkeltoget på veg opp til kapellet.
Fakkeltoget på veg opp til kapellet.

Arrangøren rettar stor takk til alle som bidrog, og særleg til Tor Bergesen som hadde med seg dei unge musikarane Mads, May Lene, Stina, Martine, Anne Marte og Nicolai, som alle er barnebarn til Tor.

Kvelden vart avslutta med mat og drikke og ei og anna god historie, eller samtale menneske mellom.

Hartvig Haugen

Sævareid kyrkjeutval