Tema for årets barnehagedag var leik og vennskap. Borna i Trollskogen barnehage song om det å vera i lag og det å ta vare på kvarandre.
Tema for årets barnehagedag var leik og vennskap. Borna i Trollskogen barnehage song om det å vera i lag og det å ta vare på kvarandre.

Flott song på Barnehagedagen

Tysdag 14. mars vart Barnehagedagen markert i Trollskogen barnehage. Besteforeldre, foreldre og søsken fekk oppleva flott song av barnehageborna.

– Tema denne dagen var leik og vennskap. Me song om det å vera i lag og det å ta vare på kvarandre, fortel styrar i barenhagen, Hildegunn Myrlid Eide.

Vidare var det utstillingar med tema frå «Gamle dagar». Her er bilete frå då Fusa kyrkje brann i 1959. Borna har vore i kyrkja saman med organist, kyrkjeverje og kyrkjeldydspedagog.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var ein spennande dag. Denne utstillinga var ekstra spennande for besteforeldra som kunne minnast denne hendinga. Det er flott når me kan dela litt historie og kvardag saman, konstaterer Myrlid Eide.

Vidare var det utstilling av ulike eventyr og formingsprosjekt. Gamle køyrety vart også vist fram frå bilete.

Barnehagen har tidlegare hatt besøk av Ella Marie Brekke Vangsnes som har synt borna bilete og fortalt frå gamle dagar.

Barnehagedagen vert markert i mars kvart år. Det er Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalget for barnahger som saman står bak markeringa. Føremålet er å synleggjera kva barna får oppleva, erfara og læra i barnehagen. Dagen er meint å bidra til å spre kunnskap om barna sin kvardag og barnehagens innhald.

jostein@osogfusa.no