Arbeidsgruppa gler seg til årets Trygg i Os, som går av stabelen medio september. Frå venstre - Grete Byrkjeland, Anne Kjersti Storebø, Bjørg Sjøbø og Bjørn Sivertsen.
Arbeidsgruppa gler seg til årets Trygg i Os, som går av stabelen medio september. Frå venstre - Grete Byrkjeland, Anne Kjersti Storebø, Bjørg Sjøbø og Bjørn Sivertsen.

– Fokus på glede og lyse augneblink er viktig i kvardagen

Desse fire strålar ut glede. Passande nok er det song og glede som er tema for årets Trygg i Os.

– Fokus på glede og lyse augneblink er viktig i kvardagen. Det har mykje å seia for helsa og livskvaliteten, seier tryggleikssjukepleiar, Bjørg Sjøbø.

Tysdag 18. september går den sjuande Trygg i Os av stabelen i Oseana. I fjor blei den internasjonale eldredagen slått saman med Trygg i Os. Det gjer dei ikkje i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi fekk ein del tilbakemeldingar om at folk ikkje var så glade for det. Dei ville ha to ulike arrangement. Det har vi høyrt på, så slik blir det i år, seier leiar i Os eldreråd, Bjørn Sivertsen.

– Vi er opne for innspel og ikkje redde for å prøva noko nytt. Tilbakemeldingane på denne vrien var at det ikkje var heilt som ønskt, så då gjer vi berre om på det, seier aktivitetskoordinator, Grete Byrkjeland.

Info om Innbyggjardialog

På scenen med eit musikalsk innslag, vil ein finna ingen ringare enn Tor Endresen.

– Alle kjenner han. Han har vore aktiv i ein mannsalder. Han har ei eigs evne til å begeistra og formidla med melodiøse og folkelege songar – med eit stort repertoar, seier leiar for førebyggjande avdeling, Anne Kjersti Storebø.

Rådmannen kjem for å orientera om nytt frå kommunen, og arbeidsgruppa fortel at han nok kjem til å snakka om kommunesamanslåinga som stadig kjem nærare.

Fagkonsulent Tone Borgen kjem for å snakka om Innbyggjardialog, som nyleg er teken i bruk i kommunen.

– Dei eldre er blitt flinkare og flinkare med digitale verktøy som nettbrett. Innbyggjardialog er eit digitalt verktøy kor ein kan ha to-vegs-dialog. Heimesjukepleiarane kan varsla om dei er seint ute, eller brukarane kan ta kontakt om det er noko, fortel Sjøbø og legg til:

– Det er alt teke i bruk, men no skal vi gjera det betre kjend.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein idé for framtida

I foajeen kan ein treffa lokale lag og organisasjonar og få ei oversikt over nokre av tilboda som finst i kommunen.

– Vi har mellom 25 og 30 lag og organisasjonar som rullerer på å ta del i Trygg i Os. Det er ikkje plass til alle på ein gong, så vi må gjera det slik. Tilbakemeldingane frå dei ulike laga og organisasjonane er at dei er nøgde med opplegget, seier Byrkjeland.

Kvart år har det vore mellom 250 og 300 publikumarar på Trygg i Os. Utfordringa er å nå ut til dei som ikkje tek del i Trygg i Os. Då Os & Fusaposten snakka med arbeidsgruppa på Hannes tysdag føremiddag, kom dei opp med ideen om at Trygg i Os burde streamast.

– Det hadde vore noko. Det hadde i alle høve vore ein god måte å få ut informasjonen til alle på, seier Byrkjeland og legg til:

– Men streaming erstattar ikkje det sosiale som er veldig viktig. Trygg i Os er ein møteplass.

Sel ikkje billettar på Kommunetorget

Arbeidsgruppa påstår at det har vore strålande sol kvart år, og dei reknar med at det vil bli strålande sol også i år.

– Vi er innandørs, men det kunne ha vore ein ide å flytta dagen ut også. Det er berre fantasien som set avgrensingar, seier Sjøbø.

Tidlegare har ein kunna kjøpt billettar på Kommunetorget. Det er ikkje lenger mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å få fram. Ein kan ringa til Oseana og leggja av billettar, eller ein kan gå bort på Oseana og kjøpa. Ein kan også kjøpa billett på nett, seier Byrkjeland.

Også i år skal Tove Hille, leiar i Os frivilligsentral, vera konferansier. Ordførar Marie Bruarøy kjem for å halda opningstale.

– Vi har også nokre overraskingar på lur, fortel arbeidsgruppa og smiler.