annonse

Folketonar og slåttar i Holdhus kyrkje

Folketonar
Folketonar: Søndag 26. august vert et folketonar i Holdhus kyrkje. (Foto: Harald Geir Sæther)

Søndag 26. august inviterer Fortidsminneforeningen Fusa lokallag til folkemusikk-konsert i Holdhus kyrkje.

Folketonar og slåttar frå Hordaland står på programmet. Musikken som blir servert er akustisk med song, fele og fløyter.

Den flotte gamle kyrkja i Holdhus er den perfekte staden for å presentera vår eigen kulturarv. Feleslåttar, fløyteslåttar, religiøse folketonar og andre vokale folkemusikalske uttrykksformer skal få lov å blanda seg med den vakre arkitekturen og utsmykkinga i dette unike kyrkjebygget.

Musikarane har jobba saman over mange år via ulike prosjekt og oppsetjingar.

Kjersti Wiik kjem frå Lindås, er utdanna ved Griegakademiet i Bergen, og har turnert både i inn- og utland med folkemusikken sin i mange år. Ho har gjeve ut fire soloplater. Kjersti er ein allsidig songar som har vore solist i mange oratorier, sunge i teaterframsyningar og medverka i mange av spela om «Håkon den Gode» som Kystsogevekene tok initiativet til i si tid. Til dagleg er ho frilanssongar, kordirigent og underviser privat og på Lindås kulturskule.

Laila Kolve er frå Voss og er også utdanna ved Griegakademiet. Ho er ein erfaren fløytespelar innan folkemusikk så vel som klassisk musikk. I vår spelte ho på DNS i Bergen i oppsetjinga om Kristin Lavransdatter. Laila og Kjersti har turnert heile Hordaland med folkemusikalske skuleforestillingar gjennom ei årrekke. Laila medverkar også på alle platene til Kjersti. Til dagleg jobbar Laila som produsent i Bergen kulturskule og som frilansmusikar.

Einar Mjølsnes kjem også frå Voss og har si utdanning frå Konservatoriet i Oslo. Einar har lang fartstid som utøvar og arrangør av musikk. Han har vore fylkesmusikar i Hordaland gjennom mange år og har også undervist på Ole Bull Akademiet på Voss. Han har medverka på ei røys med plater – alt frå «Saft» på 70-talet til Johannes Kleppevik og Kjersti sine plater og ikkje minst eigne soloplater der han har jobba med slåttar etter ulike farne spelemenn i regionen.

Harald Geir Sæther


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut