Fleire og fleire kommunar i Hordaland innfører no forbod mot bruk av open eld utandørs.
Fleire og fleire kommunar i Hordaland innfører no forbod mot bruk av open eld utandørs.

Forbod mot open eld både i Fusa og Os

Ingen nedbør, høge temperaturar og vind, gjer at ein no har lagt ned forbod mot bruk av open eld både i Fusa og Os.

Skogbrannindeksen målt på Florida i Bergen viser ifølgje nettsida til Fusa kommune «meget stor skogbrannfare» i dagane framover.

– Det er ikkje målepunkt for skogbrannindeks i vår kommune, men vi må rekna med at indeksen for Fusa ligg på minst same nivå som for Bergen, seier brannsjef Gunnar Hatlelid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os og Fusa er langt frå dei einaste kommunane som har lagt ned forbod mot bruk av open eld utandørs. Samnanger, Osterøy, Vaksdal, Bergen, Austevoll, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har gjort det same.

I Os skriv brannsjef Stein Gjøsund at forbodet omfattar bruk av open eld som kan antenne gras, skog og liknande.

– Forbodet gjeld frå og med 27. mai til situasjonen endrar seg, heiter det på nettsida til kommunen.

Vil unngå utmarksbrannar

I Fusa vart forbodet innført alt på fredag.

– Det tørre, varme vêret vi har medfører uttørking av vegetasjonen. Dermed aukar brannfaren. Forbodet gjeld inntil vidare, og vert vurdert fortløpande, skriv brannsjef Hatlelid.

Vidare går det fram at forbodet gjeld i skog, i anna utmark og i område som grensar til skog og utmark.

– Forbodet gjeld også på tilrettelagte bål- og grillplassar, påpeikar Hatlelid.

Brannsjefen oppmodar innbyggjarane i kommunen om å følgja med på skogbranninndeksen på yr.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal ein tru langtidsvarselet vil skogbrannfaren vera stor i lang tid framover. Det er ingen nedbør i sikte så lenge varselet gjeld.

camilla.kvamme@osogfusa.no