Os kommune føreslår å byggja ny politistasjon på Moberg.
Os kommune føreslår å byggja ny politistasjon på Moberg.

Føreslår ny politistasjon på Moberg

Os kommune har konkrete planar om å byggja ny politistasjon ved sidan av Brannstasjon/Legevakt. Det sa ordføraren då beredskapsbygget i går hadde statrådsbesøk.

Då helseminister Bent Høie i går vitja kommunen, fortalte Terje Søviknes at det lenge har vore ein plan å samla alle blålysetatane på Moberg. Han kunne også leggja fram at dei no har lagt fram eit konkret tilbod til Kaare Songstad, den nye politimeisteren i Vest politidistrikt.

Utfordrande i Irisgården

«Os og Fusaposten» har fått tilgang til brevet kommunen har sendt til politimeisteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er kjende med at Os lensmannskontor per i dag er lokalisert i leigde lokale i Irisgården, Osøyro, og at desse lokala etter kvart er lite funksjonelle for kontoret. Auka bemanning og svært avgrensa fasilitetar knytt til arrest og publikum skaper kapasitetsutfordringar, heiter det i brevet.

Vil ha avdeling for Politidistrikt Vest

Det vert vidare peikt på den pågåande politireforma, der også reorganisering av det samla tenestetilbodet i Politidistrikt Vest er eit tema.

- I samband med dette vil me gjerne tilby Politidistrikt Vest ei lokalisering i det felles beredsskapssenteret på Moberg. Eit nybygg på Moberg kan dimensjonerast etter korleis den framtidige politistrukturen for regionen vil sjå ut.

Føreslår to konsept

Dersom ei slik lokalisering på Moberg er av interesse for Politidistrikt Vest, føreslår Os kommune to alternative utbyggingsmodellar;

A) Os kommune byggjer ny politistasjon basert på kravspesifikasjon frå Politidistrikt Vest, og det vert inngått langsiktig leigeavtale for fasilitetane

B) Os kommune sel naudsynt tomteareal til Politidistrikt Vest/Statsbygg for etablering av ny politistasjon i statleg regi