Catrine Bergesen var første kunde i Osøyros einaste konditori. (Foto. Øystein Lid)
Catrine Bergesen var første kunde i Osøyros einaste konditori. (Foto. Øystein Lid)

Første kunde ekspedert

Hannes konditori og musikkbar opna i dag, og Catrine Bergesen fekk æra av å vera første kunde.

Klokka 10 fredag opna Osøyros einaste konditori - «Hannes konditori og musikkbar». Bjørn «Bosse» Sigurjonsson og kona Hanne Hansen hadde stått på sidan dei små timar for å få alt ferdig. Både sola og lokala skein om kapp då dørene vart opna.

- Gratulerer så mykje med dagen, sa konditoriets første kunde, Catrine Bergesen. Ho kom med blomar og gratulerte, samtidig som ho kjøpte ei eplekake.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er både kjekt og spanande. På dagtid sel me god mat i restauranten, og i kveld blir det livemusikk med Frode Holmefjord som speler coverlåtar, sa Sigurjonsson.

Flygel og gitar på plass

Lokalet er innreidd med bord og stolar, og ein eigen seksjon er satt av til musikalske innslag. Der finn ein flygel og gitar, som kan nyttast til akustisk musikk.

– Ein skal kunna føra ein samtale her samtidig som musikken speler. Det trur me vil slå godt an blant osingane, seier Sigurjonsson.

Hanne Hansen hadde stått på heile natta for å få brød og bollar klare.
Hanne Hansen hadde stått på heile natta for å få brød og bollar klare.
Flygel er på plass i eine hjørnet.
Flygel er på plass i eine hjørnet.

I tillegg skal musikalske gjester få lov å prøva seg på instrumenta.

ol@osogfusa.no