annonse

Forsvarte EM-gullet

Nytt gull:
Nytt gull: Anders Mol og Christian Sørum greidde å forsvara EM-gullet frå Nederland i fjor. Denne gongen vann sandvolleyballduoen 2–0 i EM-finalen mot russiske Konstantin Semenov og Ilja Lesjukov. (Foto: Arkiv)

Anders Mol og Christian Sørum vann EM-finalen i sandvolleyball i Moskva søndag.

Camilla Kvamme

Sandvolleyballduoen møtte russarane Konstantin Semenov og Ilja Lesjukov på heimebane, men Mol og Sørum viste ingen nåde. Første sett vart vunne enkelt 21-12. Andre sett var jamnare, men også i dette settet, greidde nordmennene til slutt å dra i frå. Dermed vart EM-gullet sikra med 21-18-siger i andre sett.

 – Vi er superhappy over å forsvara tittelen, sa Christian Sørum i det offisielle TV-intervjuet etter kampen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut