Divaldo Cardoso tok baklengs kollbøtte etter eit mislukka Os-angrep.
Divaldo Cardoso tok baklengs kollbøtte etter eit mislukka Os-angrep.

Fortent tap på Kuventræ stadion

Etter ein jamn første omgang, vart osingane regelrett overkøyrt i siste del av kampen.

Varegg og Os ligg har båe høgt oppe på tabellen, og dagens oppgjer viste i store delar av kampen at laga er på same nivå. Os dominerte i delar av første omgang og skapte mange målsjansar, men det stod null-null til pause.

Action i andre omgang

Andre omgang vart den klart mest spenande på Kuventræ stadion. Men mykje fann stad på osingane sin banehalvdel, og kontringane til dei gule og svarte førte ikkje fram. Likevel greidde ikkje Varegg å omsetja sjansane til mål, før i kampens 72 minutt. Torbjørn Aabrekk braut måltørka, og ein så langt mållaus kamp auka kraftig i intensitet. Osingane var lystne på hemn, tok fleire sjansar, og tok til å skapa målsjansar. Men for osingane sin del resulterte det heile i frispark den andre vegen, og kaptein Marius Mikkelsen pådrog seg gult kort. Kapteinen gjorde det nesten godt att i kampens 77. minutt, då han demonstrerte eit vakkert brassespark innanfor 16-meteren, men ein annan osing greidde å stoppa angrepet - Kjetil Hansen som er Varegg-keeper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lufta går ut

At osingane tok større risiko gjorde at det også vart opnare for dei blåkvite. I det 85. speleminuttet var igjen Torbjørn Aabrekk sist på ballen, og sette ballen til høgre for Os-målvakta. Lufta gjekk litt ut av osingane då Varegg sitt forsprang ikkje lenger let seg henta inn att, og dommaren blæs kampen av i dei 90. minutt utan å leggja til noko tid.