Eg visste jo at MDG var best på klima og miljø og at solidaritet var eit viktig stikkord for dei, men eg vart positivt overraska då eg oppdaga at Miljøpartiet Dei Grøne også er det partiet som prioriterer landbruket høgast.
Eg visste jo at MDG var best på klima og miljø og at solidaritet var eit viktig stikkord for dei, men eg vart positivt overraska då eg oppdaga at Miljøpartiet Dei Grøne også er det partiet som prioriterer landbruket høgast.

Framtida er grøn for vestlandsbøndene!

Små vestlandsbruk er hardt pressa og vert lagt ned i høgt tempo under skiftande regjeringar. Vi treng ny politikk og ny giv for landbruket, og vi treng det no, skriv Tina Bøe Buer (MDG).

Det herskar ei brei oppfatning av at Senterpartiet, eller Bondepartiet som dei ein gong heitte, er det soleklare valet for ein kvar bonde, men er dei det også for vestlandsbonden?

Nokre bønder stemmer lenger til høgre og nokre lenger til venstre, men Miljøpartiet Dei Grøne har liksom fått stempelet sitt etter at tidlegare landbruksminister Sylvi Listhaug gjekk hardt ut og kalte oss “bondens verste fiende”. Då eg for nokre år sida vart spurd av MDG Os om eg ville stille på lista deira til lokalvalet, ba eg om litt betenkningstid og sette meg til å lesa partiprogram. Eg visste jo at MDG var best på klima og miljø og at solidaritet var eit viktig stikkord for dei, men eg vart positivt overraska då eg oppdaga at Miljøpartiet Dei Grøne også er det partiet som prioriterar landbruket høgast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vakre kulturlandskapet vi omgjev oss med her på Vestlandet er sakte bygd opp av folk og fe med sveitte og blod gjennom mangfoldige generasjonar. Då det tidlegare vart drive til slik perfeksjon av rein naud, er det no nesten berre idealistar som held ut, det er rett og slett ikkje lønsamt å driva slik lenger.

Strukturendringa med å leggja om til større bruk rammer vestlandsbøndene særleg hardt. Gjennom mange år har det vore satsa på større einingar og meir effektiv produksjon der effekten er at store gardsbruk på flatlandet der jorda er lettdrive, blir endå større og tener stadig betre samtidig som stadig fleire og fleire av dei mindre bruka her i Hordaland forsvinn. Dei bruka som gjer dette vakre landskapet til akkurat det vi vestlendingar er så stolte av. Irrgrøne bakkar som stupar i fjorden, beitande sau, kyr og geiter som held utsikta ope og kulturlandskapet vakkert medan dei veks opp til noko av det beste ein kan by på av kvalitetskjøt.

Dette kjøtet er mykje sunnare og smakar mykje betre enn det som er fora fram på kraftfor. Ikkje minst er dette eit heilt anna liv for dyra enn å stå på bås mesteparten av livet.

Vi har noko heilt spesielt her på Vestlandet og vi må stemma på dei politikarane som vil fremja moglegheitene for å halda denne arva i hevd, ikkje berre i respekt for dei før oss som har bygd opp denne næringa og denne kulturen, men for etterkomarane våre, dei som skal leva her i framtida.

Meir enn kvart sjuande gardsbruk vart nedlagt i Hordaland i dei åtte åra Senterpartiet var i regjering og hadde landbruksministeren. Vi mista over 500 gardsbruk i denne perioden. I åra etterpå har nedgangen halde fram, om enn i eit litt lågare tempo. Både under den blåblå regjeringa vi har i dag og den førre raudgrøne regjeringa, har vi hatt storstilt nedlegging av gardsbruk. Det er fortvilande at i løpet av dei siste 11 åra, har dei to regjeringane sørga for at 660 gardsbruk har blitt lagt ned i fylket vårt. Ved årsskiftet stod vi igjen med 3117 gardsbruk i Hordaland.

Det er her Miljøpartiet dei grøne kjem inn. I dei fire første åra våre på Stortinget, har vi vore det partiet som har føreslått den høgaste ramma i jordbruksoppgjeret og vi har prioritert å auke støtta til små og mellomstore bruk fordi vi ser verdien av ei breidde som gjer sikkerheit i landbruket, eit vakkert kulturlandskap som husar alle artane som høyrer med der og av levande bygdesamfunn fulle av folk som kjenner eigerskap og stoltheit over bygda si. Dei grøne vil føre ein tilskots- og kvotepolitikk som styrkjar små og mellomstore bruk i heile landet. Vi ønskjer å auka matproduksjon basert på norsk gras ved å gi betre støtte til beiting og gjera kraftfôr dyrare enn grovfôr for slik å gå vekk ifrå miljøøydeleggjande import av soya fra Brasil.

Ei dreiing over til å prioritera lokal økologisk småskaladrift er nødvendig for å hindra at fleire gardsbruk blir lagt ned og vi vil difor gjera det lettare med ei gradvis overgang til økodrift for dei som ynskjer det.

Vi skal kjempa for å gjera Noreg best i verda på dyrevelferd og vi vil jobba for at Stortinget skal støtta klimainvesteringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi i Dei Grøne er opptekne og stolte av det uvurderlege arbeidet den norske bonden gjer for å ta vare på både mattryggleik og kulturlandskap. Difor har vi prioritert å sikra bonden og småbrukaren rimelege inntekter slik at nedleggingane stoppar opp.

Bøndene er også blant dei første som får merka konsekvensane av klimaendringane og difor er kampen for klimaet også ei særs viktig sak for å ta vare på det vestnorske landbruket.

Så, frå ei som ser for seg ei lysegrøn framtid som Vestlandsbonde, bli med meg, stem grønt. Vi treng ein ny, grøn giv for dei gardsbruka vi har att her i Hordaland!

Tina Bøe Buer

Miljøpartiet Dei Grøne