(
(

Fråteken førarkortet etter ulukke

Ei jente på ein moped køyrde av vegen i Mobergsbakken måndag kveld.

Rett etter klokka 22 måndag kveld køyrde ei jente på ein moped av vegen i Mobergsbakken.

– Personen var lettare skadd. Grunna aktlaus køyring er førarkortet beslaglagt, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen, og viser til vegtrafikklova §3.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jenta som køyrde mopeden blei køyrd til legevakta av ein forbipasserande bilist. På Twitter skriv Vest politidistrikt at patruljen har vore på staden og gjort undersøkingar, og snakka med vitnar til hendinga.

Snurra på Halhjemsvegen

Om lag halvannan time før hendinga i Mobergsbakken, skal ein bil ha snurra på Halhjemsvegen.

– Det er meldt frå om at førar snurra då vedkomande skulle svinga unna ein katt. Det er ikkje meldt om personskadar eller materielle skader. Vi har ikkje oppretta sak, seier Hadler-Olsen.