Som følgje av kollisjonen er det kø på fylkesveg 552 Brannvesenet fortel at dei reknar med at eit felt vil opna om ca. ti minutt.
Som følgje av kollisjonen er det kø på fylkesveg 552 Brannvesenet fortel at dei reknar med at eit felt vil opna om ca. ti minutt.

Front mot front-kollisjon ved rundkøyringa ved AMFI Os

Vegen er stengd i begge retningar ved rundkøyringa ved AMFI etter eit samanstøyt mellom to bilar.

Det er om lag 20 minutt sidan samanstøyten. Så langt er ein person henta av ambulanse. Brannvesenet er på staden, og held på å trekkja bilane frå kvarandre.

– Vegen er stengd i begge retningar no. Vi reknar med å kunna opna eit felt om ti minutt, fortel brannvesenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnor, fortel at fire personar har vore involvert i ulukka.

– Kor mange som var i kvar av bilane, veit eg ikkje. Dei har hendene fulle på staden, og vi vil ikkje masa på dei. Ein person er køyrd til Haukeland i ambulanse, medan ein annan er køyrd til lokal legevakt for sjekk. Eg veit per no ikkje noko om skadeomfanget, seier Rebnor og legg til:

– Bilberging er på staden, og vegen vil vera stengd til dei er ferdige i alle fall. Det skal vera ein del kø i område, får vi opplyst om.