To bilar kolliderte i ettermiddagsrushet på Fanafjellet.
To bilar kolliderte i ettermiddagsrushet på Fanafjellet.

Front-mot-front på Fanafjellet

Vegen er stengt etter at to bilar kolliderte. Tre personar er køyrde til legevakt.

Ulukka fann stad cirka klokka 15.30 på Ramberget, som ligg på Fanafjellet. Ifølgje brann- og redningsvesenet var det fire personar i dei to bilane. Dei kom seg alle ut av bilane, og vert karakterisert som oppegåande. Ulukka førte til at vegen vart heilt sperra. Naudetatar er på veg til staden.

– Det er ikkje snakk om alvorlege skadar, men tre personar er sende til legevakt for sjekk, seier operasjonsleiar Lars Geitle. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei materialle skadane på bilane er relativt store, og airbagane i båe bilane vart utløyst. No ventar ein på at tauebilane skal koma fram slik at vegen kan opnast for trafikk att.

Klokka 16.20 melde politiet at bilane er taua ut av bilbanen, og at det er fri ferdsle igjen.