To bilar kolliderte på Søfteland i ettermiddag.
To bilar kolliderte på Søfteland i ettermiddag.

Front mot front på Søfteland

Rundt kl 1740 kom ein bil over i motsett køyrebane og kolliderte med motgåande køyretøy. Luftambulanse henta ein av dei skadde til Haukeland.

Søfteland:

Ulukka fann stad like nord for det lysregulerte fotgjengarfeltet ved Stilvoll (der Byvegen tek av inn mot Gåssand). Klokka 1740 melde politiet om at det var snakk om ei front-mot-front-ulukke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Os og Fusaposten kom til staden stod båe bilane på tvers i eine køyrefeltet, med kraftige skadar. Tre personar sat i dei to bilane. Eit helikopter letta med ein av dei skadde, medan dei to andre vart køyrt til legevakten for sjekk.

Køen stod til Søfteland skule og tilsvarande i motsett retning. Trafikken opna att rundt kl 1825.