Frp/H/V vil  imøtekoma elevråda ved Os ungdomsskule og Nore Neset ungdomsskule og støtta klassetur i 10. trinn, og løyver kr 600.000 til formålet.
Frp/H/V vil imøtekoma elevråda ved Os ungdomsskule og Nore Neset ungdomsskule og støtta klassetur i 10. trinn, og løyver kr 600.000 til formålet.

Frp/H/Vs budsjettforslag: Vil danna meistringsteam også for barneskulane

Meistringsteamet for ungdomstrinnet har gjeve gode resultat. No vil Frp/H/V utvida meistringsteam-funkjonen også til barnetrinnet, med hovudfokus på psykososialt læringsmiljø.

Frp/H/V tilfører kr. 700.000 til dette tiltaket. Koalisjonen ser fram til at prosjekt Betre Læringsresultat vert gjenstand for ei større evaluering i 2018, der ein og tek stilling til kva tiltak som eventuelt skal fasast inn som permanente tiltak i den ordinære drifta av skular og barnehagar, heiter det i forslaget frå koalisjonen.

Dei tre partia føreslår følgjande endringar i rådmannens forslag til budsjett:

• Meistringsteam barneskule +700.000

Artikkelen held fram under annonsen.

• Kreativ læring ungdomstrinnet +100.000

• Klassetur 10.trinn +600.000

• Lærlingtilskot Oselvarverkstaden +40.000

• Gratis leige hall og lokaler - born og unge +400.000

• Prosjekt Raudlio/Stokkedalen +500.000

• Lyngheim – rosemålarverkstaden +250.000

• Web-kamera Os Hamn +300.000

• Os Næringsråd +200.000

Artikkelen held fram under annonsen.

• Utstyr Open omsorg +300.000

• Uteområde Lurane og Kuhnle +400.000

• Livsglede-sertifisering +100.000

Målretta marknadsføring

Frp/H/V vil stø søknaden frå Os Næringsråd om støtte på kr 200.000 per år i to år (2018-19) for å vera med og finansiera ei stilling som skal arbeida målretta med marknadsføring opp mot eksisterande og framtidig næringsliv.

- Det er ein føresetnad at Os Næringsråd, etter desse to åra, sjølv kan finansiera ei slik stilling med eigne midlar, påpeikar partia.

Partia ber vidare om at ein framleis arbeider med å få realisert aktivitetsløype for born og unge på Osøyro, samt arbeider vidare med Os som turistdestinasjon.

For nettopp å marknadsføra Osøyro som destinasjon for båtturistar, vil partia løyva 300.000 til å etablera web-kamera i Os Hamn, både over og under vatn.

Det Historiske Tunet

Frp/H/V er positive til at Stiftinga Lyngheim kan setja opp replika av rosemålarverkstaden etter Annanias Tveit i Det Historiske Tunet på Lyngheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Rosemålarkunsten er ein viktig del av Os si historie, og vi deler visjonen til stiftinga om å ta vare på rosemålarkunsten som kulturarv, og vil vera med og bidra i dette prosjektet med kr 250.000, skriv dei i budsjettforslaget.

Innan oppvekst og kultur er FrPp/H/V godt nøgde med at rådmannen, i sitt budsjettframlegg, har inndekning for auka barnetal, både når det gjeld barnehageområdet og auke i tal klassar i skulen.

- Vidare vil vi støtta rådmannen sine vurderingar kring avvikling av kommunal kontantstøtte, skriv dei.

Kreativ undervisning

Frp/H/V ynskjer å «leggja til rette for prosjektbasert undervisning ved ungdomstrinnet for å fremja kreativ læring hjå elevane». Dei løyver difor kr 100.000 til utstyr som lærarar og elevar kan nytta i undervisninga.

- Ved å arbeida i grupper, kan elevane læra å innhenta informasjon frå internett og fagmiljø om korleis utstyret kan nyttast, og samstundes knytta dette opp mot andre fag som t.d. matematikk, engelsk og historie, og ikkje minst under valfaget koding, meiner koalisjonspartia.

Dei vil også imøtekoma elevråda ved Os ungdomsskule og Nore Neset ungdomsskule og støtta klassetur i 10. trinn. Koalisjonen deler elevråda sine tankar om at tilbodet om tur skal vera likt ved begge skulane, og dei ber administrasjonen om å samkøyra planlegginga, og løyver kr 600.000 til formålet.

Oselvarverstaden får lærlingtilskot

Frp/H/V meiner UNESCO-statusen forpliktar kommunen til å satsa vidare på handtverkstradisjonen, og dei vil løyva 40.000 årleg til lærling ved Oselvarverkstaden.

Partia vil også ha gratis halleige og lokale for aktivitet for born og unge.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi vil stimulera til meir fysisk aktivitet blant born og unge, samstundes som vi ynskjer å styrkja økonomien i lag og organisasjonar i kommunen. Andre lag og organisasjonar som driv anna aktivitet skal likebehandlast, og ha like vilkår som idretten. Vi vil gjera dette gjennom ei ordning der laga framleis betaler leige av hall og lokale som før, men søkjer refusjon for leiga frå Kultureininga i kommunen, forklarer koalisjonen og føreslår å løyva Kultureininga kr 500.000 årleg øyremerka denne ordninga.

Forvaltinga av Raudlio og Stokkedalen

For å forvalta Raudlio og Stokkedalen på ein best mogleg måte, ynskjer Frp/H/V å setja ned eit prosjekt som skal sjå korleis ein best kan oppnå dette. Målet er å utarbeida ein plan for forvalting av skog, samt at potensialet for vidareutvikling av frilufts- og rekreasjonsområdet må vurderast – gjerne gjennom ein moglegheitsstudie.

Dei føreslår å setja av kr 500.000 til eit slikt prosjekt som skal koordinerast av Kultureininga.

100.000 er føreslått sett av til arbeidet for å få sertifisert Luranetunet som «Livsgledeheim». Ein må då oppfylla 9 livsgledekriterier, der mellom anna aktivitetar utomhus er eit fokusområde.

- Vi er særs nøgde med at Nye Luranetunet er ferdigstilt og at innflyttinga har gått over all forventning. Det vert lagt ned mykje godt arbeid i å skapa ein god kvardag for bebuarane, og vi har gjennom tidlegare budsjett prioritert Os frivilligsentral som ein aktør som skal skapa innhald i kvardagen. Dette ynskjer vi å setja ytterlegare fokus på, skriv partia i sitt forslag.

I tillegg set dei av 300.000 til innkjøp av naudsynt utstyr, som akuttkoffertar, BT-målar, CRP-målar og blærescanner som kan førebyggja akuttinnleggingar.

Vil selja Fjellheim

Koalisjonen ber i sitt budsjettforslag rådmannen om å snarleg førebu sal av Fjellheim, samt vurdera om Os Bygg og Eigedom AS kan vera ein aktuell samarbeidspart i høve tilrettelegging og endeleg sal av eigedomane Askviknes og Mobergslia.

Partia vil også prioritera uteområda ved Luranetunet og Kuhnletunet for å gjera dei funksjonelle og innbydande til aktivitet utomhus. Forslaget er kr 200.000 til kvar av institusjonane.

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no