annonse

Frp har 32,1 prosent oppslutnad etter at 82,4 prosent av stemmene er talte

Over 80 prosent av røystene er talte
Over 80 prosent av røystene er talte: Slik ser valresultatet ut etter at 82,4 prosent av røystene er talte. (Foto: Skjermdump, valgresultat.no)

Når 82,4 prosent av røystene er talte, har Frp 32,1 prosent oppslutnad.

Camilla Kvamme

Valgdeltakinga i Bjørnafjorden er ifølgje valgreulstat.no 72,9 prosent.

Frp er framleis største parti, men har gått ned litt samanlikna med oppslutnaden i førehandsrøystene på 33 prosent. Partiet har på noverande tidspunkt 12 mandat.

Ap og Sp har høvesvis 7 og 6 mandat, medan H har 5 og MDG 3. KrF og SV har framleis eitt mandat kvar, medan Venstre er ute.

Arbeidarpartiet er næraste parti til å vinna eitt mandat. Frp er næraste parti til å mista eitt mandat.

camilla.kvamme@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut