(
(

Frykta for tryggleiken til skuleborn

Tok kontakt med politiet etter å ha vore vitne til råkøyring i skuleområde.

– Måndag klokka 14.36 var det ein som tok kontakt med oss etter å ha blitt vitne til råkøyring i Hegglandsdalen. Vedkomande var bekymra for skuleborn. Vi ønskjer tilbakemelding om alle slike tilfelle, og vi kjem til å patruljera oftare i området, seier politioverbetjent, Anne Lyssand.

Mindre trafikkuhell

To bilar kolliderte i Irgenskrysset måndag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var tre bilar involverte i hendinga, men berre to av dei kolliderte. Det skal ha kome ein bil frå Strøno, ein frå Nore Neset skule og ein frå Ulven. Det skal ha vore låg fart. To av dei bestemte seg for å køyra samstundes, slik at den eine bilen trefte den andre bakfrå. Dei to involverte er 44 og 21 år gamle. Ingen personskade og mindre materielle skader, seier Lyssand.