(
(

Full fest midt på dagen

Politiet fekk i 16-tida onsdag melding om full fest, bråk og høg musikk på ei adresse i Kuvågen.

– Politiet rykte ut og på adressa var det ein mann som ikkje hadde lov til å vera der grunna besøksforbod. Han blei fjerna frå staden, fortel fungerande politioverbetjent Thomas Juulseth.

Klokka 20.20 onsdag kveld fekk politiet melding om ein motorsykkel som køyrde forbi fleire bilar i Os sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Motorsykkelen skal ha køyrd forbi på heildekka line og på eitt hjul. Kjennemerket vi fekk høyrer til ein snøscooter. Anten har vi fått feil nummer opplyst, eller så er ikkje sykkelen rett skilta, seier Juulseth. Kort tid etter motorsykkel-meldinga, kom det melding om røykutvikling i Industrivegen.

– Det var ikkje brann. Det kan ha vore ein dieseldriven høgtrykksspylar med varmgang, seier Juulseth.