Ståle Steen Sæthre og Bjarte Haugsdal i sentrum av feiringa når Nest-Sotra jublar heimover frå Hønefoss med seriemeisterpokal og 1. divisjonskontrakt i lomma.
Ståle Steen Sæthre og Bjarte Haugsdal i sentrum av feiringa når Nest-Sotra jublar heimover frå Hønefoss med seriemeisterpokal og 1. divisjonskontrakt i lomma.

Full jubel på toget heim

Med 1. divisjonskontrakten i lomma kan Bjarte Haugsdal, Ståle Steen Sæthre og resten av Nest-Sotra-gjengen jubla heile vegen heim til Bergen.

Nest-Sotra-kaptein Bjarte Haugsdal og lakameratane på Nest-Sotra fullførte årets sesong med stil og avslutta med sterke 3-0 borte mot Hønefoss. Med trepoengaren sikra gutane i dei kamuflasjefarga draktene billetten til neste års OBOS-liga.

– Det er heilt utruleg morosamt dette. No er eg først og fremst veldig glad, men også svært stolt. Stolt over at "dugnadslaget" vårt har vunne serien og rykkja opp, i kamp med pengesterke klubbar som Bryne, Notodden og Hødd, seier Bjarte Haugsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel om ein kamp som gjekk nett som dei hadde planlagt.

– Me har eit ungt lag, men eg føler me klarte å halda oss roleg fram mot kampen. Etter ein tidleg skåring fekk me ned skuldra og spelte trygt og godt kampen gjennom. Eg trur ikkje Hønefoss hadde meir enn ein liten sjanse i heile kampen, fortel osingen.

Nest-Sotra-kapteinen har vore med på ein god del i sin ti år lange senior-karriere, men denne opplevinga plasserar han heilt i toppen.

Bjarte Haugsdal løfter pokalen for sigeren i 2. divisjon.
Bjarte Haugsdal løfter pokalen for sigeren i 2. divisjon.

– Det er fantastisk å lukkast i lag med ein prestasjonsgruppe som den me har i Nest-Sotra. Me er glade amatørar og spelar for ein klubb som i stor grad vert driven på dugnad. Før årets sesong var det ingen som trudde på oss. Ingen andre enn oss sjølv. I lag med trenar Steffen Landro sette me oss eit hårete mål, og det klarte me jammen meg å nå, ler osingen.

Høgt oppe

Då Os og Fusaposten prata med Bjarte på laurdag sat han på toget på veg frå Hønefoss til Bergen. Togbillettane hadde Haugsdal og resten av spelarane betalt litt av sjølv.

– Det er på det nivået me driv. Me står på saman, spleisar på reiser og gjer det me må for å få klubbøkonomien til å gå opp. Då er det heilt utruleg herleg at me trass i nokre begrensingar, klarar å bli best, seier han.

På spørsmål om korleis stemninga er, svarar han slik:

– Du me syng og ropar og jublar. No har til og med NSB ordna det slik at me har eigen vogn, slik at ikkje andre reisande, skal måtte sitja å høyra på oss, flirar Haugsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og stopparkompis og fusing Ståle Steen Sæthre han tek vel triumfen med knusande ro`

– Haha, ja du kan jo tru. Han er rimeleg høgt oppe no. Eg trur ikkje han blir lett å få ned på jorda igjen med det første, ler Haugsdal.

Trist med Os

– Har du fått med deg korleis det gjekk med gamleklubbane Lysekloster og Os i dag?

– Ja, det var triste greiar. Eg har spelt for begge klubbane og har sjølvsagt eit hjarte for dei og gutane på laga. Surt at Lysekloster ikkje klarte opprykket, og endå surare at Os no rykkjer ned til 4. divisjon. Men eg håpar dei ankar den avgjerda i AaFK2-saka. Der synest eg forbundet burde sette mellom fingrane på tida på varslinga, seier han.

– Kor går turen i Bergen i kveld?

– Eg anar ikkje. No blir det pizza og vorspiel heile vegen heim, så tek me det som det kjem utover kvelden. Feira skal me i alle høve gjera. Det fortener alle og ein kvar, både spelarar, trenarar og andre som står på for klubben, seier kapteinen.