Volleyballspelarane ved Fusa vgs skal henta inspirasjon i Florida i USA.
Volleyballspelarane ved Fusa vgs skal henta inspirasjon i Florida i USA.

Fusa skal erobra USA

Volleyballspelarane på Fusa vidaregåande skule skal til USA for å bli endå betre. Då må det samlast inn pengar.

- Me skal henta inspirasjon og heia på nordmenn i turneringa World Tour Beach Volleyball i Fort Lauderdale, fortel Martin Sundvor og held fram:

- Utfordringa vår er at våre foreldre meiner me må arbeida for dette og at dette styrkjar moralen vår. Me har tatt dei på ordet og har selt både kaker og utført dugnad. No startar me med kjøp og sal av ulike gjenstander.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mottoet deira er «Me ryddar Fusa for tur til USA».

Sundvor påpeikar at mange set ting vekk framfor å selja desse og få nokre kroner i sparebøssa, og til slutt har det kanskje stått så lenge at verdien er null.

- No håpar me at nokon er villige til å få rydda litt på loft og i kjeller, og at me kan henta ting og tang for så å selja dette og skapa reelle verdiar.

Volleyballgjengen har to måtar dei ser for seg å gjera dette:

- Ting vert gjevne som gåver og me sel dei vidare og får inn pengar til klassekassa. Gevinsten til gjevar er å få rydda opp og få meir plass. Men dersom du er som våre foreldre, så er det eit slit å setja i gang med å selja ting. Då kan me gjera dette for deg, der du får pengar og me tar ein del av gevinsten, forklarer Sundvor og oppmodar alle som er interesserte til å ta kontakt.

jostein@osogfusa.no