- Dette er ein viktig milepåle for Alutec, som har vore markedsleiar i over 20 år. Vi er no klare til å oppretthalda og videreutvikla denne posisjonen også dei neste 20 åra, seier Espen Aspenes og Knut-Jarle Aspenes.
- Dette er ein viktig milepåle for Alutec, som har vore markedsleiar i over 20 år. Vi er no klare til å oppretthalda og videreutvikla denne posisjonen også dei neste 20 åra, seier Espen Aspenes og Knut-Jarle Aspenes.

Fyrst i Noreg

Alutec er fyrst ute med Sintef-sertifiserte stillas.

Ifølgje dei nye krava i den såkalla Produsentforskrifta, skal alle stillassystem som vert omsette i Noreg dokumenterast med eit sertifikat frå eit kvalifisert sertifiseringsorgan, i dette tilfelet Sintef Byggforsk.

I 1990 var Alutec fyrst i Noreg med typegodkjent stillas (Jamax stillassystem). No er dei fyrst i Noreg med Sintef-sertifisert stillas. Denne sertifiseringa erstattar ifølgje ei pressemelding frå verksemda, dagens typegodkjenning.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samband med sertifiseringa har komponentane i Jamax stillassystem vore gjennom ei rekke testar, blant anna fullskalaprøving, fallsikringstestar og droptestar.

- Ut ifrå utrekna dimensjonerande vertikallast har stillaset oppnådd nesten 10 gonger større last ved testing. Dette betyr at systemet tåler langt meir enn det er godkjent for, heiter det i pressemeldinga.

- Dette er ein viktig milepåle for Alutec, som har vore markedsleiar i over 20 år. Vi er no klare til å oppretthalda og videreutvikla denne posisjonen også dei neste 20 åra, heiter det vidare.

Stillasverksemda i Kolskogen forventar ein omsetnad på ca. 120 millionar kroner i 2017.

jostein@osogfusa.no