Det verkar som russen og andre feststemte osingar og fusingar går ein flott 17. mai i møte på fredag. (Arkiv
Det verkar som russen og andre feststemte osingar og fusingar går ein flott 17. mai i møte på fredag. (Arkiv

Garanterer regnfri og varm 17. mai

Meteorologen lovar regnfritt vêr og opp mot 20 gradar på 17. mai i Os og Fusa.

Det kan bli ein særs varm nasjonaldag for bunadstunge osingar og fusingar fredag. Ifølgje meteorolog Tone Christien Thaule snakkar me nær sagt om sommarvêr.

– Det blir veldig fint vêr. Kanskje ikkje heilt skyfritt, men i alle høve regnfritt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det garanterer du?

– Hehe, ja, det trur eg at eg kan garantera.

Varmare og varmare

Dei neste dagane vil temperaturane stiga jamt. 17. mai blir den varmaste i denne perioden.

– Me ser no at den nattlege temperaturen går frå 5 til 8-10 gradar natt til 17. mai, og så reknar me med opp mot 20 gradar på dagen den 17., fortel Thaule.

Også for helga lovar det bra for solhungrige bjørnafjordingar.

– Det blir jamt over fint vêr, kanskje nokre små regnbyger ut på laurdagen, men for det meste opphaldsvêr og ein del sol, lovar meteorologen i Bergen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no