annonse

Garasje med fleire bilar brann ned i natt

Brann
Brann: Totalt fem bilar (!) blei råka då det tok fyr i ein stor garasje i Strandvik fredag kveld. (Foto: Fusa brann og redning)
Måtte tilbake
Måtte tilbake: Brannvesenet måtte tilbake i natt då det brannen blussa opp igjen. (Foto: Fusa brann og redning)

Brannvesenet kunne ikkje redda garasjen frå flammane seint fredag kveld. Totalt fem(!) bilar blei skadd eller totalskadd som følgje av brannen.

Benjamin Søgnen Olsen

– Vi fekk sløkt brannen til slutt. Det var mykje styr for det var mykje inne i den store garasjen, mellom anna fleire bilar, fortel Øystein Havsgård.

Brannen i garasjen i Strandvik starta fredag kveld kring halv elleve. Rundt midnatt opplyste brannvesenet på Twitter at brannen var sløkt.

– Vi måtte ut igjen om natta då det blusa opp igjen, men det var ikkje mykje.

Vidare fortel Havsgård at det var fare for spreiing til andre bygg.

– Det var andre bygg i nærleiken. Jobben vår var å sikra at ikkje også desse brann ned, fortel Havsgård.

– Veit de noko om brannårsak?

– Nei, det må du spørja politiet om.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, opplyser at brannen skal ha starta i ein bil.

– Totalt fem bilar er involverte i brannen. Anten heilt nedbrent eller skadd som følgje av brannen. Det kjem ikkje fram av loggen kor mange av dei som er totalskadd. Ingen personar var involvert.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut