I april gjekk ein leilegheit øvst i Irisgården for rekordhøge 10 mill. kroner.
I april gjekk ein leilegheit øvst i Irisgården for rekordhøge 10 mill. kroner.

Gav 10 mill. kroner for leilegheit i Irisgården

Privatmegleren melder om at kvadratmeterprisen på 77.000 kroner er ny rekord i Os.

Husværet som er selt til 10 mill. kroner ligg på toppen av Irisgården.

– Husværet er 130 kvadratmeter stort. Så vidt eg veit om gjev kvadratmeterprisen på 77.000 kroner dette til prisrekord i Os, seier Arild Vikøyr hjå Privatmegleren.

Artikkelen held fram under annonsen.

At husværet ligg sentralt, ved sjøen med utsikt og gode solforhold, har truleg vore viktige faktorar for at prisen blei såpass høg. Salet fann stad i april.

Irisgården populær

Likevel er ikkje rekordsalet heilt eineståande. Berre veker før vart det lagt 7 mill. kroner på bordet for eit husvære i same komplekset på 93 kvm. Det gjev også 75.000 kroner i kvadratmeterpris.

Til samanlikning ligg kvadratmeterprisen i Bergen i snitt på ca. 45.000 kroner for husvære.

ol@osogfusa.no