Barnehageborn og føresette heia elevane fram.
Barnehageborn og føresette heia elevane fram.

Gav alt for TV-aksjonen

– Eg har aldri sett elevane pusha seg så hardt før. Dei skal ha ros for den enorme innsatsen sin i dag.

Det meiner lektor ved Nore Fusa skule, Fredrik Stenhjem Hagen.

Fredag føremiddag inviterte skulen til løp til inntekt for TV-aksjonen og Unicef. Alle elevane, frå 1. til 7. klasse, deltok. Ruta gjekk rundt skuleplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har oppmoda alle elevane om å skaffa sponsorar heime. Det kan vera mamma, pappa, besten eller naboen. Sponsorane bidreg med ein viss sum for kvar runde elevane spring, seier Hagen.

Får du til dømes ti kronar per runde, må du springja ti rundar for å samla inn 100 kroner til TV-aksjonen.

– Elevane skal ha ros for innsatsen dei la ned i dag. Eg har aldri sett dei pusha seg så hardt før. Det var tydeleg at innsamlinga betydde noko for dei, seier Hagen.

Ruta gjekk rundt skuleplassen.
Ruta gjekk rundt skuleplassen.
Elevane gav alt slik at Unicef skulle få mest mogleg pengar frå Nore Fusa skule.
Elevane gav alt slik at Unicef skulle få mest mogleg pengar frå Nore Fusa skule.
Dei eldste elevane var først i aksjon. Deretter følgte 3. og 4. trinn, og til sist 1. og 2. trinn.
Dei eldste elevane var først i aksjon. Deretter følgte 3. og 4. trinn, og til sist 1. og 2. trinn.
Då kruttet var brukt opp, venta forfriskingar i målområdet.
Då kruttet var brukt opp, venta forfriskingar i målområdet.

Eigen heiagjeng

Nore Fusa skule hadde heist flagget og funne fram høgtalaranlegget i samband med løpet. I tillegg var foreldre, og borna som går i barnehagen veg-i-vegg, inviterte for å heia. Norske flagg pryda målområdet, og då elevane var tome for krefter, kunne dei koma til hektene igjen på drikkestasjonen der dei tilsette serverte saft og frukt.

– Det var eit ordentleg løp. Elevane hadde lappar frå TV-aksjonen rundt halsen, seier Hagen og legg til:

– Løpet var det siste vi gjorde på skulen før det var helg. Det er nok mange born som sovnar tidleg i kveld, trur læraren.

Elevane ved Nore Fusa skule har arbeidd med TV-aksjonen heile veka. At pengane som vert samla inn skal brukast på utdanning til born i område råka av krig og konflikt, gjer det ikkje berre relevant, men også enkelt for skuleborna å forstå.

– Det heile kuliminerer i markeringa av FN-dagen på tysdag. Nore Fusa er ein FN-skule, så vi skal heisa FN-flagget og syngja. Det er også nokre elevar som skal lesa tekstar, fortel Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men i første omgang er han utruleg spent på kor mykje pengar skulen klarer å samla inn til årets TV-aksjon. På spleis.no kan føresette, vener og bekjente bidra på vegnar av løpstalenta frå Nore Fusa. Og i skrivande stund er summen oppe i 2.690 kroner.

camilla.kvamme@osogfusa.no