Kjersti Toppe (Sp) meiner den sitjande regjeringa har nedprioritert folkehelse.
Kjersti Toppe (Sp) meiner den sitjande regjeringa har nedprioritert folkehelse.

Gje meg ein folkehelseminister

LESARBREV: – Det fyrste Bent Høie gjorde då han kom til makta, var å kutte ut ordninga med gratis frukt og grønt til ungdom på ungdomsskulane. Han brukte i staden pengane til å auke taxfreekvoten på vin, skriv Kjersti Toppe (Sp).

Bård Hoksrud (FrP) meiner dagens helse- og omsorgsminister har for mykje å gjere og vil få på plass ein eigen eldreminister (NRK 11/7). Samarbeidspartiet Høgre har avvist forslaget momentant. Det er forståeleg. Ein helse- og omsorgsminister som ikkje tek ansvar for eldreomsorga, er ikkje ein helse- og omsorgsminister. Det er jo nettopp dei eldre som har størst risiko for sviktande helse og aukande omsorgsbehov.

Men det vi kunne trenge, er ein eigen folkehelseminister i Norge. Ansvaret for folkehelsesatsinga er i dag delt mellom forskjellige sektorar, komitear, departement og direktorat. Når regjeringa i tillegg ikkje kjempar folkehelsa si sak, blir situasjonen uhaldbar. For er det ein ting helse- og omsorgsminister Bent Høie ikkje har vore, er det å vere ein folkehelseminister.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det aller fyrste helse- og omsorgsminister Høie gjorde då han kom til makta, var å kutte ut ordninga med gratis frukt og grønt til ungdom på ungdomsskulane. Han brukte i staden pengane til å auke taxfreekvoten på vin. Ei meir folkehelsefiendtleg prioritering skal ein leite lenger etter. Regjeringa la så vekk stortingets vedtekne målsetting om å innføre 1 times fysisk aktivitet i skulen.

Folkehelsetiltak er altså nedprioritert, sjølv om Stortinget har sett mål om å redusere førekomsten av dei store folkesjukdomane som diabetes, kreft, hjarte- kar og lungesjukdommar med 25 % innan år 2025. Men kven bryr seg. For norsk helsepolitikk blir nemleg målt på heilt andre ting. Som på ventetider, fristbrot og på kor mange pasientar fastlegar og sjukehus klarer å behandla med minst mogleg bruk av ressursar.

Men kor tid blei fristbrot og ventetider symbol på vellukka helsepolitikk? Norsk helsepolitikk bør målast på nedgang i sjukdom og behandling, ikkje det motsette. Målet med helsepolitikken må aldri bli å behandla flest mogleg pasientar eller setja nye rekordar i reduksjon i liggjedøgn. Målet med helsepolitikken må vere å skapa helsefremjande samfunn med best mogleg helse for alle.

Difor treng vi ein folkehelseminister. Ein sunnheitsminister, som har førebygging og folkehelsesatsing som sitt viktigaste saksfelt. Ein samordningsminister for god helse, som sikrar at folkehelse blir prioritert i helsepolitikk, i fordelingspolitikk, i samferdselspolitikk, i eldreomsorga, i skulepolitikk, i miljøpolitikk og så vidare.

Gje meg ein folkehelseminister, som får ansvar for folkehelsesatsinga i alle sektorar. Som i regjeringas budsjettforhandlingar kjempar for pengar til førebyggjande tiltak, hos både unge og eldre. Slik vil behovet for helse- og omsorgstenester kunne minke. Helse- og omsorgsministeren vil få betre tid til å drive fram ei skikkeleg satsing på blant anna god eldreomsorg. Eg er einig med FrP i at akkurat det trengst.

Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant for Senterpartiet