Eigaren er kontakta og får ansvaret for å heva båten ved Steinnes-moloen i Os sentrum.
Eigaren er kontakta og får ansvaret for å heva båten ved Steinnes-moloen i Os sentrum.

Gjekk under ved Steinneset

Ein 22 fots fritidsbåt måtte gje tapt mot uvêret i dag føremiddag.

Fritidsbåten som gjekk ned ved flytebrygga på Steinneset i dag føremiddag, er ein 22-fotar med 150 hestar og omlag 70 liter bensin på tanken.

Bensinsølet syter for sterk lukt i kai-området, men representerer ingen fare, i fylgje varabrannsjef Arne Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har vore på staden og sikra utstyr kring båten og lause gjenstandar i vatnet. Eigar er kontakta og får ansvaret for å heva båten, seier han.

–Var det vêret åleine som gjorde at båten gjekk ned?

– Det veit vi ikkje. Dei andre båtane ser ut til å ligga trygt, men det er heftige vindkast og sjøsprøyten slår over moloen, seier Monsen.

Strålande solskin, men heftige vindkast og sterk sjøsprøyt over moloen i dag.
Strålande solskin, men heftige vindkast og sterk sjøsprøyt over moloen i dag.

anne-marie@osogfusa.no